"Denne forbandede sørlandske taalmodigheda " Det var Vilhelm Krag som var fyrst ute med å med å føreslå namnet Sørlandet. Krag hadde som mål å styrke den regionale identiteten. Krag ville helst  avgrense sørlendingene frå andre nordmenn. Han ville samstundes etablere eit forestilt fellesskap og gjeve innbyggjarane i landsdelen ei meir tydeleg kjensle av samhold – og av fellesskapets styrke.

Årets jordbruksforhandlinger, jordbrukets krav, statens tilbod – og bøndenes reaksjoner i etterkant stadfester mykje av tankegangen til nettopp Vilhelm Krag. Han kunne gjerne vore med oss på laget. Han ville likt det.

Eit utruleg samhold. Sterke reaksjonar. Bøndene på Sørlandet mobiliserte med sine traktorar. Dei ropte høgt - i det stille.
Dei blei sett over heile landsdelen – og dei blei jamvel høyrd på historiske Eidvolls plass, på grasvollen framføre Stortinget. Her fann storbonden frå Bygland, Jørund Kvaale Hansen, eit høveleg mikrofonstativ. Ingen er lenger i tvil om kva sørlandsbonden meiner om statens tilbod til næringa.

I dei største byane våre -  Arendal, Kristiansand og Flekkefjord vart det gjennomført store, solide og kraftfulle demonstrasjonar. Alle stader med traktorar, engasjerte bønder i alle aldre – og tydelege slagord i fokus.
Omgrepet «Norge trenger bonden» var å sjå på bannere og plakatar attmed vegnettet i heile Agder. Frå Valle i nord – til Vestre Strandgate i sør. Frå Flekkefjord i vest – til Gjerstad i aust.
På Ulltveit Gård, i Gjerstad, kunne ein telje meir enn 20 traktorar – måndagen den 10.mai
Bønder frå heile Agder var møtt fram for å ynskje Jørund Kvaale Hansen god tur til Oslo – på traktor.
Det var fyr på grillen. Pylsene sklei ned på høgkant. Stemninga var god – og kampvilja var sjeldan sterk.


Foto: privat


I Kvinesdal vart det skipa til eit møte mellom fylkesleiar i Bondelaget,
Knut Erik Ulltveit -og KrF ordførar Per Sverre Kvinlaug.
Om stemninga var god (?)
- me let bilete tale for seg sjølve, (foto: privat )

 


Engasjerte bønder i Froland. ( foto: privat )

 


Mønstring i Arendal sentrum. Få minutt etter at staten la fram sitt tilbude.
( foto: privat )

 


I Flekkefjord var bøndene  "Skoffa."    ( foto: privat )

 


Stort engasjement i Flekkefjord sentrum. (foto: privat )

 


Tysdag 11. mai. Vel 70 traktorar rulla inn i sentrum av Kristiansand.
Ei kraftfull markering. Ei sterk røyst. (foto: øystein moi )


Foto: øystein moi

 


Inger Liv R. Thoresen. Aktiv bondejente frå Hægeland. Sterkt engasjert.
Ein ressurs i det regionale bondelagsarbeidet. (foto: øystein moi )

 


Ein typisk sørlandsbonde. Stø som grunnfjellet, Klare meininger.
Omgjengeleg og triveleg.Stolt av jobben sin. Stolt bonde.
(foto: øystein moi )

 


Fotoi: øystein moi

 


Alle er med på laget. Både store og små.  (foto: øystein moi )

 


På veg til Ulltveit Gård. Samling av troppene.
Samhold, styrke, god mat - og sosialt påfyll.
(foto: øystein moi )

 


Uten mat og drikke .....              (foto: øystein moi)

 


Traktoren gjerast klar for Oslo-tur.   (foto: øystein moi )

 


God tur til hovudstaden, Jørund.  (foto: øystein moi )