- Ingen bønder i heile verda he det på noko vis så godt som bøndene i Noreg. Dette kom tydeleg til syne under den dramatiske tørkesumaren for få år sidan Då stod brått heile nasjonen opp for næringa vår. 
Ei krisepakke, eit støtteapparat, du neppe finn maken til andre stader på kloden. Ikkje alt vart som ein kunne ynskje seg, ikkje alle kom like heldig ut av ordninga - men no he me vonleg  lært av feila våre, og så er me vonleg betre førebudd dersom katastrofa brått skulle finne på å råke bondestanden ved eit seinare høve.

 


Foto: øystein moi

Det  er triveleg og velstelt på gardstunet hjå familen Svendsen. Innehuset er frå omlag 1850 - medan driftsbygningen vart klar til bruk ein kald og vindfull vinterdag i 2012. I dag er det omlag 75 mjølkekyr som har tinga kost og losji her. 
Eit stort betre pensjonat kunne dei neppe ha vald seg ....


Foto: øystein moi

Det er kona, Kirsti, som he slektsrøtene sine knyta til jordsmonnet her på Nedenes. Mykje tyder såleis på at det
er kjærleiken som må take det meste av skulda for at Roy Vidar i dag he postadresse Gamle Nedenesvei nr 10.
Dei er båe to aktivt med i gardsdrifta, men Roy Vidar er himla nøgd med at det er kjerringa som tek seg av den merkantile bolken av verksemda.
- Det er ei voldsom papirmølle som må til for å halde hjula i gong. Slikt ligg ikkje for meg, seier husbonden som raskt stadfester at han trivast mykje betre med praktisk arbeid. Gode dagar ute på jordene - med himmelkvelven som tak. Samspel med naturen. Samspel med dyra. 
Roy Vidar he og god hjelp av borna sine når det er naudsynt med ekstra hjelp på garden.
Johannes, Eivind - og odelsjenta Kristine er alle viktige brikker i det store puslespelet det er å få årshjulet til å gå rundt. Å få endene til å møtast. 
Roy Vidar serverer meir ostekake. Meir restemat. Samtalen sklir lett. Låtten er aldri langt unna. Kvalitetstid.
- Eg seier meg lei for at du ikkje fekk høve til å møte Kirsti i dag, men ho er ute i tenesta for Kyrkja. Den norske.
Ho er kyrkjetenar i soknet, og når ein av våre sambygdingar skal leggjast til kvile i vigsla jord, ja då høver det seg best at kyrkjetenaren er på plass. I dag er det ein slik dag. I kyrkjesoknet.

- Som eg sa tidlegare så er det eit privilegium å vere bonde i Noreg. Eineståande i verdssamanheng. Me he så uendeleg mykje å vere takksame for. Diverre er det allstøtt nokon  som berre sutrar og klagar. Nokon som aldri vert nøgde. Då undrast eg stundom på kvifor dei ikkje heller finn seg noko anna å slå i hel tida med. Eit anna arbeid.
For meg er bondeyrket like mykje ein livsstil som det er er hardt arbeid. Mange tider eit einsamt tilvære.
Det er kanskje difor eg engasjere meg mykje i sosiale samanhenger. God kontakt med vener og yrkesbrødre. Naudsynt påfyll i kvardagen.
Når  Kirsti og Roy Vidar treng eit pause frå gardsdrifta så er det ikkje så reint sjeldan at dei sjekker inn i eige husvære på ein campingplass i nærleiken. Eiga campingvogn. Her fin dei fred og ro. Her finn dei kvarandre - og her kan dei lade batteria. Pylser på grillen, stuttreist kjærleik - og nærleik til havet. Saman ser dei horisonten, medan kveldssola sig i havet. Ei viktig, men lite omtala side av ein travel kvardag hjå den norske bonden.
 


Foto: øystein moi

Når kvikksylvet sig, når hauststormane jagar kring hushjørna, når avlinga er i hus - og når Dagros ligg mett og god på madrassen, ja då hender det at Roy Vidar fyrer opp i den gamle vedkomfyren i kjellaren. Her kan han steike 30 brød samstundes - eller han kan servere rykande varm, stuttreist og sprøsteikt pizza av aller beste slag.
Ein framifrå møteplass for gode vener. For nettverket. For den gode samtalen - og for noke godt i glaset..

Roy Vidar he bak seg ein periode med fast sete i fylkesstyret i Aust-Agder Bondelag. Ein viktig møteplass i fylgje han sjølve.
- Kor hadde me vore i dag utan eit sterkt og velfungerande Bondelag. Spursmålet vert hengjande i lufta. I luftromet like øve ostekaka.
- Bondelaget spelar ei viktig , og heilt avgjerande rolle, i dei årvisse jordbrukforhandlingene. 63 000 medlemmer he ei voldsom makt - og Bondelaget sine meininger finn jamnleg vegen inn i dei aller fleste politiske korridorane. 
Landbrukspoltikken, framtida for verdas aller viktigaste produksjon, kjem stadig oftare på dagsorden.

Den norske landbrukspolitikken, landbruksmodellen om du vil, er samstundes heilt avgjerande for at me he eit  landbruk i detta landet. Eit landbruk i heile landet.
Dei årvisse jordbruksforhandlingene, eit sterkt tollvern - og ikkje minst eit velfungerande landbrukssamvirke gjer at me i dag he eit mykje meir velfungerande, og forutsigbart landbruk enn kva me t.d. ser i våre naboland.

Roy Vidar Svendsen ser på klokka. Bladfyken tek signala, og takkar for stunda.. Kyrkjetenaren tek avskil med ein av sine sambygdinger. Avskil med vyrdnad. I Bjorbekk kyrkje.