Den vidgjetne revyskodespelaren, og sauebonden, Egil Åmli, gjorde ein framifrå innsats på kjøkkenet. Ingen gjekk svoltne heim frå Helle denna kvelden. Nok av rjomegraut og spekemat til alle. ( foto: øystein moi )

Kring 25 personar tok bordsete då bondelaget og "forsøksringen" skipa til landbrukspolitisk møte i Setesdal. Kristin Ianssen, 1. nestleiar i Norges Bondelag, gjekk gjennom den politiske prosessen kring dei årvisse jordbruksforhandlingene før ho gav ei grei, og lett skjøneleg, oppsummering av stoda i norsk landbruk denne vinteren.
Det er viktig for leiinga i m.a. Norges Bondelag å få melding om kva som rører seg på grasrota i organisasjonen. Når Kristin Ianssen, Lars Petter Bartnes - og resten av tillitsmannsapparatet i fagrørsla set seg til forhandlingsbordet er det umåteleg viktig at dei er visse på at dei he store delar av medlemsmassa i ryggen.
Møtet I Setesdal er ein del av denne prosessen. Sjølv landbruksministeren skal få vete kva sauebøndene i Valle, på Helle - og i Hornnes meiner er viktig i dei komande jordbruksforhandlingene.

Etter ei kraftig matøkt, og den gode samtalen kring småborda, var det klart for neste bolk i programmet..
Finn Aasheim, organisasjonssjef hjå bondelaga på Agder, orienterte om aktuelle tema når det gjeld nasjonal rovviltpolitikk - og når det gjeld lokal rovviltforvaltning.
Både ulv, gaupe, bjørn, jerv og ørn var samtaleemne på grendehuset denne myrke vinterkvelden.

Fylkesleiar i Aust-Agder Bondelag, Erik Fløytad, ser ofte på kvardagen med eit skrått blikk - og med ei humoristisk vinkling på det aller meste. Her er han tett på situasjonen medan Kristin Ianssen vert i intervjua av lokalavisa "Setesdølen." ( foto: øystein moi )
 

Organisasjonssjef Finn - og lokallagsleiar i Lillesand, Marit Gunn, - var båe samde om at dette hadde vore ein særs vellukka kveld. Dei takkar båe Jakob Saaghus og Egil Åmli  for god mat, godt stell - og storvegs  gjestfridom gjennom heile økta. ( foto: øystein moi )