Rjomegraut og spekemat - to dagar til ende
Det har vore folksamt på Agderkontoret dei to fyrste dagane denne veka. På gjestelista stod lokallagsleiarar, og anna fint folk, frå båe agderfylka. På matsetelen stod rjomegraut, spekemat, stuttreist flatbød, Kviteseidsmør og importerte pepperkaker. Folk kosa seg kring langbordet til langt ut på ettermiddagen før dei ynskja kvarandre ei velsigna jolehøgtid - og kvar drog i veg til sin eigen heim. Til sitt eige fjos. Førjolsstemning av aller beste slag.