For å kunne produsere gode og trygge matvarer til eiga befolkning er me avhengige av både store og små brikker.

Bøndene våre bruker jorder og beiter, innmark og utmark, over heile landet, slik at Noreg ser ut slik det gjer i dag.

Generasjonar etter generasjonar har forvalta dette arvesølvet vårt på ein framifrå måte.

Me vyrdnad og respekt har bøndene, gjenom tusener av år, dyrka jorda og hausta grøda.

Levande bygder, trygg mat, god dyrevelferd, velstelte naturlandskap - og eit landbruk over heile landet er på mange måtar fotavtrykket til denne viktige næringa vår.

Næringa er samstundes oppteken av rekruttering til bondeyrket, og til alle deira viktige samarbeidspartnarar.

Rådgjevingstenester, forvaltning, forsyningskjeder, varemottakarar, veterinærar, avløysarar m.fl. er alle viktige medspelarar i denne verdikjeda.

Då er Naturbrukstilbodet i vidaregåande skule den beste starten. Det er såleis svært viktig at dette tilbudet, med høg kvalitet, også finnast i Agder - vårt eige nærområde.

Sjå filmen - gjer deg nokre tankar og del den gjerne med gode vener ute i den store verda.

(tekst / foto: øystein moi )

 

https://www.dropbox.com/s/jy6k7onhqdfhbyl/Landbruksutdanning%20Agder.mov?dl=0