Denne informasjonsdagen, eller rekrutteringsdagen som er eit anna ord me gjerne kan bruke, er eit samarbeid mellom KVS Bygland, Skogselskapet og dei ulike skogeigarlaga i Setesdal.
På programmet stod m.a. øksekasting, natursti, litt om sau, litt om hest, - og mykje om skog. Alt frå skogplanting og ungskogpleie - til felling og kvisting av store furutre.
Elevane vart delt inn i fleire grupper og måtte deretter rullere rundt til alle dei ulike  postane i grannelaget. Her fekk dei solid og god pedagogisk opplæring i alt frå klimapolitikk, karbon-binding, jakt og friluftsliv, skogskjøtsel - og nærkontakt med både sau og hest.
Midt på tunet hadde gode representantar frå Bygland Skogeigarlag fyrt opp både pylsegrill og kaffebål. Ingen gjekk såleis svoltne heim frå Bygland denne ettermiddagen.


Sentrale personar i samband med denne spesielle skuledagen.
T.v. sit Jon Gunnar Kjetså som er inspektør ved KVS Bygland.
På hi sida av bålpanna sit Christian Espegren som representerer Skogselskapet.
Gilde gutar. Fagfolk innanfor kvar sitt fagområde. ( foto: øystein moi )

 


Der er slik ein koker skikkeleg kaffe. Kortreist og velsmakande.
Takk til Bygland Skogeigarlag.
(foto: øystein moi )

 


Småkaldt - men triveleg. Ein heilt annleis skuledag.
(foto: øystein moi )

 


Stein Knut Horverak måtte take i bruk sterke kjemikalier for å få skikkeleg fyr på kaffebålet.
(foto: øystein moi )

 


Husmannskost.  (foto: øystein moi )

 


Foto: øystein moi  

 


Øksekast vart raskt ei populær tevling. Denna karen var sjølvsagt meir enn nøgd med resultatet.
(foto: øystein moi )

 


Ferdig rekruttert (?) - vonleg ein komande sauebonde, og nytt medlem i Bondelaget ...
(foto: øystein moi )

 


Foto: øystein moi

 


Smilande og blide elevar. Naturbrukselevar.  (foto: øystein moi )

 


Rett hogstteknikk, rett fellingsteknikk er heilt avgjerande for ein dugande skogsarbeidar. 
Denna karen hadde heilt klårt gjort heimeleksa si.
(foto: øystein moi )

 


Foto: øystein moi

 


Bodskapen er klinkande klår. Som musikk i øyro på ein utsending frå Bondelaget.
(foto: øystein moi )

 


"Skytterprinsessa".
Ja det vart blink. Midt i blinken - og jegerprøva er bestått.

(foto: øystein moi )

 


Takk til Øyvind Aakhus for eit framifrå måltid.
(foto: øystein moi )

 


Venskap.Kjærleik.
(foto: øystein moi )


102 ungdomsskuleelevar, ein triveleg gjeng med naturbrukselevar, eit framifrå vertskap,
ein representant frå Skogselskapet (bilete) - og ikkje minst eit solid knippe med
skriftlærde pedagogar kan sjå attende på ein himlande triveleg og lærerik dag.
På vegne av alle oss andre - takk så mykje. Me kjem gjerne attende ved eit seinare høve.

(foto: øystein moi )