Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA), som er eigd av bøndene på sørvestlandet, fekk eit positivt driftsresultat på 83 millionar kroner for 2014. Det går fram av ei pressemelding.
Eit særs godt resultat som truleg ikkje vil svekke korkje samyrkjekjensla eller det faglege samhaldet hjå stolte eigarar  i Eiken, på Varhaug - eller i Åmli.

FKRA skriv samstundes at dei har hatt ein samla vekst i produktiviteten innan produksjonen av kraftfôr på ca 70 prosent dei åtte siste åra.

Butikkane til FKRA fekk ein salsvekst i fjor på meir enn 10 prosent og ei  betring av resultatet på 22 prosent. Aktiviteten innan innandørsmekanisering tykkjest framleis å vere tilfredstillande høg, medan salet av traktor og reiskap skal ha gjenge noko attende. FKRA melder at resultatet for verkstadtenester og maskindeler også er mykje betre enn tidlegare.
Det har ikkje lukkast Bondelaget / Agderkontoret i dag  å få ein utfyllande kommentar frå FKRA - til den aktuelle pressemeldinga.


Dei grøne traktorane, med gul dekor, er framleis ei mykje etterspurd vare hjå bøndene på Agder - og i Rogaland. Dugande traktorseljarar, og røynde fagfolk, hjå Felleskjøpet syter fo hundrevis avr nøgde kundar i kvar ein avkrok på sørvestlandet. (foto: øystein moi )