Praktverk om rovviltet på Agder
Gjennom 260 sider tek forfattaren, Tor Punsvik, oss med på ei spanande rundreise gjennom rovdyra sitt rike - på Agder. Rikt illustrert med flotte bilete og meisterlege teikninger. Finn Aasheim, leiar av Bondelaget sitt Agderkontor, er ein av medforfattarane i boka.
Tor Punsvik er i dag tilsett som viltforvaltar hjå Fylkesmannen på Agder - og han har tidlegare m.a. gjort teneste som naturvernrådgjevar for Sysselmannen på Svalbard.
- Hva er det med rovviltet, spør forfattaren i fyrste kapittelet i boka.
- Gjennom mange år med privat engasjement og ansvar innen offentlig naturorvaltning har jeg ikke opplevd noen arena hvor motsetningsforhold og interessekonflikter kommer så sterkt til uttrykk som innen rovdyrforvaltningen.
Når det er tale om rovdyr på Agder så kan sjølvsagt ikkje forfattaren unnlate å nemne ulvejegeren Lars Saga - og den vidgjetne "Vegårshei-ulven."
Då det i januar 1983 vart skipa til folkemøte om ulv, på Vegårshei, var det rigga til sitjeplass for 500 personar. Det kom meir enn 1000 skodelystne - og halvparten måtte altså snu i døra.
Dette er noko av kva du kan lese om i dette fargerike praktverket som no er tilgjengeleg hjå bokhandlaren.
Me ynskjer Dykk god lesnad.