Garden «Evjeplassen» ligg vakkert plassert like nord for Evje sentrum. Tett attmed Otra – og eit steinkast unna kyrkja. Den norske.
Himmelkvelven er blå og skyfri. Kvikksylvet held seg på den blå halvdelen av gradesrokken på fjosveggen. Tor Morten Evje helsar meg velkomen ute på gardstunet.  Ein positiv kar på alle vis.  Me tek bordsete inne på kjøkkenet. Huskatten, som heilt tydeleg he vore heime til absolutt alle måltida dette kalenderåret, slær seg ned på ein ledig stol.
Tor Morten gjer ofte tingene på sin eigen måte. Han he klåre meininger om det meste som skjer i samfunnet vårt. Landbrukspolitikk, skattepolitikk, Senterpartiet, Sylvi Listhaug, Bjørn Ropstad, kjøtprisar – og sjølvsagt he han heilt klåre meininger om styre og stell i Evje og Hornnes kommune.

Tor Morten Evje  (Foto: øystein moi)

Då Tor Morten tok øve gardsbruket etter far sin, og mor si, var heile besetninga på Evjeplassen omlag 20 vinterfora sau. På langt nær nok til å vere eit levebrød for ein ung familie i etableringsfasa.
Stein på stein he han så bygd opp gardsdrifta til kva ho er i dag. Varsamt. Stein for stein – og heile tida med full kontroll og full oversikt.  Han bygde nytt fjos i 1991 – og i 2012 var tida mogen for ei naudsynt utbyggjing. Mjølkekvota tilhøyrande garden er på 240 000 liter, men Tor Morten he aldri sprengt den grensa. Målet er å kunne levere 200 000 liter heilmjølk av aller beste slag. Ja kvaliteten treng visst ingen ottast for. I kroskåpet stend ei blankpolert sylvtine frå meierisamskipnaden Tine. Motteke for å ha lever elitemjølk samanhengjande i 15 år. Ein framifrå prestasjon.
Eit prov på solid handverk og ein stor porsjon fagkunnskap.  Frå ei skuff i finstova henter Tor Morten fram eit anna heidersteikn. Ein plakett, frå Tine, med fylgjande tekst: » Tildelt for levering av særs god mjølk og godt fjøsstell i 20 år.»

Til garden Evjeplassen høyrer det omlag 130 mål dyrka jord og 50 mål med skog. Tor Morten leiger omlag 240 mål produksjonsareal frå andre gardsbruk i grannelaget. Økonomien er sunn, drifta gjeng greit, eg søv godt om nettene – og kan i grunnen ikkje ha det betre seier bonden som seier han er umåteleg heldig som er tilsett i verdas beste jobb.

Eldste sonen i huset, Torjus, var elev på landbruksskulen på Holt sist vinter.  – Ungdomen he himla godt av å kome seg ut av tunet for å take til seg ny lærdom og nye impulsar. I dette yrket er det umåteleg viktig å ha solid fagkunnskap i botnen. Ein solid grunnmur er heilt avgjerande for at byggverket skal stå stødig,  både i storm – og i stille ver.

Han nyter kvar einaste dag han er på jobb. Det skulle eigentleg berre mangle. Utsikten frå kontorpulten, mjølkeromet, er eineståande. Som henta frå eit landskapsmåleri på eit moderne galleri i meir urbane strok.

Foto: øystein moi– Det er viktig at bonden stundom tek seg fri frå fjoset, frå mjølkeroboten – og frå lortekøyringa. Me må ikkje gløyme at det og finnast eit sosialt liv utanfor for garden. Der er det viktig at me bønder er representert. Det sosiale nettverket, i grannelaget – og ute på bygda, er heilt avgjerande for både trivsel, samhald og vidare utvikling for kvar einskild av oss.
Eg er redd for at mange bønder tek på seg for store byrder, dei skal rekkje så altfor mykje – og til slutt så møter dei ein eller annan vegg.   Eit tøft yrke. Verdas beste jobb – men det er deg sjølve som er sjefen – og det er du sjølve som må sette grenesene i kvardagen.

Me diskuterer ikkje så mykje landbrukspolitikk.Konklusjonen kjem raskt og tykkjest vere temmeleg klår. – Mat vil det alltid vere behov for, og etterspurnaden etter sunn norsk mat er aukande, seier mjølkebonden med eit lurt smil. – Sjølvsagt er det ei framtid i landbruket. Også på Evjeplassen. Kva elles skulle eg seie til Torjus ..

Tor Morten set fram ei plastøskje med pepperkaker. Me forsyner oss frå kvar sin kant. Kaffekoppen vert ståande tom. Tor Morten gløymer den delen av serveringa. Engasjert som få. Ein dugande fagmann. Tilsett i verdas aller beste jobb. Landbruket treng så avgjort fleire slike ambasadørar.
Smilande og blid. Nøgd med det aller meste. Bonde og livsnytar er kanskje ikkje den mest vanlege kombinasjonen no om dagen ..