Omlag 70% av inntektene i jordbruket vert henta frå marknaden - berre 30 % kjem frå ulike tilskotsordninger.
I moderne marknadspolitikk dukker det stadig nye ord og nye vendinger. Nye omgrep som kan vere vanskeleg å skjøne
Styret i Agder Bondelag ynskte difor å få ei grundig gjennomgang av dette fagområdet.
Skarpskodde "marknadsfolk", blant dei beste i landet, var henta inn til Sørlandets hovudstad til å forrette frå talarstolen.
 

Sveinung Svebestad, styreleiar FK Rogaland Agder, talte om korn og kraftfôr, eller "terrorbalansen i norsk landbruk" som Svebestad kalte det. Det vart m.a. ei solid innføring i FK si rolle som markandsregulator.
(foto: Amund Kind )


Arthur Salte(bilete) rådsmedlem i TINE SA, fokuserte m.a. på kor viktig det er med omdømebyggjing og truverde  hjå forbrukarane.  Han kom med mange gode døme på korleis TINE nå arbeider med innovasjon og plassering av varer i butikk.  ( foto: Amund Kinn )

 

Morten Andersen dageleg leiar i Grøntprodusentenes Samarbeidsråd (GPS), kunne verkeleg engasjere tilhøyrarane! Han gav møtelyden ei grundig innføring i kvardagen til grøntprodusentane. Desse produsentane henter  i større grad enn resten av landbruket inntekta si frå nettopp marknaden .

 

Karin Marie Røhne  er leiar for tilførsel og rådgjeving hjå Nortura SA.  Ho tala om marknaden for kjøt og egg.  Møtelyden fekk ei særs god innføring i sentrale marknadsomgrep som avsetningstiltak, produksjonsregulering, prognoser - samt føremonene ved norsk kjøtt og eggproduksjon.

 

Då deltakarane skild lag, ute på tunet, var dei alle samde om at dette hadde vore to
gilde og lærerike dagar. Godt samhold blant gode vener.