Stadig nye og uerstattelege jordbruksområde vert nedbygd og øydelagt for all framtid. Enorme steinfyllinger, anleggsmaskiner, lastebilar, nye rundkøyringer og staute karar i sjølvlysande kjeledressar er det fyrste du møter når du nærmer deg Søgne. Landbruksbygda - enn så lenge.
Stadig nye vegar. Nye mototvegar. Milevis med kolsvart asfalt.

Svinger du av motorvegen og set kursen mot Tofteland, Høllen, Tjomsemoen eller Åros - då hamnar du likevel midt i matfatet. Bøndene i Søgne høyrer til i den aller øvste divisjonen. Dei arbeider mykje i det stille. Sjeldan på fyrstesida i den tabloide dagspressa. Dei sår - og dei haustar. Med stolthet og respekt. Djup respekt for den aller viktigaste ressursen med kan tenkje oss. Matjorda.

 


Bjørn Arild Stea kjenner kanskje dei fleste av oss under merkenamnet "Søgne Jordbær."
Saman med ein kollega i grannelaget haustar han kvart år jordbær frå eit areral på omlag 60 da.
I tilleg til dette syslar han med både ammekyr, grasproduksjon og ulike formar for leigekøyring
med traktor og maskinar,
Ein umåteleg gild og talefør gardbrukar som serverte oss ein triveleg dag i Søgne. Både
fylkesleiaren og bladfyken. ( foto: øystein moi )

 



Det er fyrst når me møter denne velvaksne karen, Helge Pettersen, at temperaturen stig.
Ikkje berre i lufta.
Til tonene frå hissige anleggsmaskiner på nye E 39, på baksida av eine drivhuset, 
fær me ein heilt tydelegog klår definisjon på omgrep som jordvern,
økonomar og ingeniørar utan ryggrad og framtidssyn - og om korleis den lokale
landbruksskulen forvaltar matfatet. Matjorda.
På Toftelanf Gård har Helge eigen gardsbutikk. Han har dreve med matproduksjon,
frukt og grønt i ein dryg mannsalder.  Kvar einaste veke, året rundt,
levere han 6 - 10 tonn med poteter frå garden.
For mange sørlendinger er "komper" sjølvaste nasjonalretten.
Helege Pettersen syter for dei aller beste råvarene til nettopp denne produksjonen.


Foto: øystein moi

 


Ikkje berre sau og geit som held kulturlandskapet i hevd.
I Søgne he dei sine eigne
tankar om slikt.  (foto: øystein moi )

 

Denna karen treng vel eigentleg ikkje nokon omfattande presentasjon.
Jon Leif Eikaas er kjend blant bønder og bondevener over heile Agder.
Smilande, blid, engasjert og positiv. Det er slik me kjenner han. Ein god ambassadør for næringa vår.

Me møter Jon Leif heime på gardstunet. Tett attmed Tjomsevannet - eit drygt steinkast unna
dern lokale landbruksskulen.
Jon Leif gjev både mat og husly til 750 grisepurker - og leverer samstundes meir enn
150 tonn med kvalitetspoteter til den landskjende verksemda "Sørlandschips."
(foto. øystein moi )