Ole Magne Omdal held fram som styreleiar i Landbrukets Dag SA.  (foto: øystein moi )

 

Landbrukets Dag SA skipa til årsmøte på Evjemoen denne veka. Det var på sjølvaste Kvinnedagen at Ole Magne Omdal, mangeårig ordførar i Iveland, fekk ny fullmakt til å leie denne prestisjetunge samskipnaden det neste året.
Om det var dei nasjonale parolane på Kvinnedagen som til sist påverka valresultatet skal me ikkje uttale oss om, men etter valet vart det klart at det no er eit klårt fleirtal av kvinner i det nye styret i Landbrukets Dag SA.
Dagleg leiar for landbruksmessa Naturligvis, Øyvind Nesemelder om at arbeidet med ei ny messe er i full gong - og i dagane 12. 14. august vil garantert mykje godtfolk samlast i den tidlegare militærleieren på Evjemoen.

Styret i Landbrukets Dag SA :

- Ole Magne Omdal
- Bjørn Alfred Ropstad
- Inger Liv Røyter Thoresen
- Anne Lill F. Roland
- Anne Grete Johnson Lieng