Jarle Greibesland er gardbrukar i Finsland, lokallagsleiar i Bondelaget, og han vart stolt eigar av nytt fjos i 2018.

- Slik vilkåra er i dag ser eg vanskeleg nokon framtid i dette yrket. I fjoset har eg 35 ammekyr - men når eg ser på tala mine, svart på kvitt, så tener eg beint fram ikkje ei einaste krone på gardsarbeidet.
Eg legg ned ufatteleg mange dugnadstimar i teneste for storsmafunnet - slik at den norske forbrukaren til ei kvar tid finn den maten han treng i butikkhyllene.
Jarle pynter ikkje på fasaden. Dette er fakta . Dette er alvor.

Greibesland har full jobb utanom gardsdrifta. Han har ikkje noko val. Gjelda er høg - innteninga frå fjoset er knapt synleg på kontoutskriften..
Jobben som fengselsbetjent, og jobben som brannkonstabel, er med på berge privatøkonomien og samstundes oppretthalde eit godt tilhøve til den lokale banksjefen.

- Hadde eg hatt moglegheit så hadde eg beint fram avvikla heile gardsdrifta. Diverre er ikkje situasjonen slik at eg kan det. Gjelda er høg, banken skal ha sitt - ja er det ikkje noko som heiter å vere "bondefanga" undrast Jarle, som framleis er full av pågangsmot og arbeidslyst.
Det er likevel ei grense for kor lenge han orkar å jobbe gratis for storsamfunnet. For staten. Den norske.

- Så må eg samstundes understreke, med to strekar under svaret, at eg trivast umåteleg godt med gardsarbeidet. Eg trivast himlande godt i fjoset - i lag med dyra mine.
Framtida kan likevel verte eit småskalalandbruk med fire sauer, tre høner, ein katt - og lagerhotell for campingvogner og motordrevne plastbåtar i den nye driftsbygningen .

Avslutter brannkonstabel, fengselsbetjent og matprodusent Jarle Greibesland. Frå Finsland.