Kring 90 personar var i helga samla til det me i innkallinga omtala som leiarmøte og nettverkssamling. Ei verkeleg triveleg, sosial og lærerik helg vart det beint fram i husværet hjå Scandic hotellet i Sørlandsparken.
Så ser Dykk og at me fekk skipa til eit ekstraordinært årsmøte tidleg på fredag føremiddag..


Heilt framme, på fyrste benkerada, fann me desse to smilande gjestane.
Birte Usland frå styret i Norges Bondelag - og leiaren i Kristiansand Bondelag,
den vidgjetnefolkemusikaren og trekkspelaren Gunnar Hangeland. ( foto: øystein moi )


Møte mellom gamal og ny tid. Knut Erik Ulltveit og Erik Fløystad. ( foto: øystein moi )

Fantastisk mat, triveleg vertskap, gode kolleger - og eit variert fagleg program sytte for at
dette vart ei helg som dei aller fleste vil minnast med både glede - og vyrdnad.
Den venesæle telemarkingen, gardbrukaren og trubaduren Asmund Nordstoga synte seg å vere
ein særs dugande kar på scena - sjølv utan gitar.  Gode tankar og velmeinande råd.
Den same Nordstoga sytte og for god stemning i samband med middagsøkta på
fredagskvelden. Vakre ord og tonar. A cappella. På rotekte telemarksdialekt.


Så er dei klåre for nye oppgåver - i teneste for Agder Bondelag.
Åge Gyland , nestleiar - og Knut Erik Ulltveit som vert sjef for heile balletten...
(foto: øystein moi )