Og slik ser dei ut .

Av Øystein Moi,
  • Tips en venn om denne siden

Det aller fyrste styret i Agder Bondelag. Ein historisk gjeng.
F.v. Bernhard Arnevik, Inger Liv R.Thoresen, Harald Hobbesland, Knut Erik Ulltveit, Marit Gunn TVeit, Karl Petter Vintland (1.vara), Frank Bjerg Sigvaldsen og Åge Gyland. ( foto: øystein moi )

Ei travel helg ligg bak oss. Eit heilt nytt Agder Bondelag er no klart for nye og spanande oppdrag alt frå 1. januar neste år. Styret er på plass, alt vart vedteke samrøystes - og heilt etter gjeldande lover og føreskrifter.

Kring 90 personar var i helga samla til det me i innkallinga omtala som leiarmøte og nettverkssamling. Ei verkeleg triveleg, sosial og lærerik helg vart det beint fram i husværet hjå Scandic hotellet i Sørlandsparken.
Så ser Dykk og at me fekk skipa til eit ekstraordinært årsmøte tidleg på fredag føremiddag..


Heilt framme, på fyrste benkerada, fann me desse to smilande gjestane.
Birte Usland frå styret i Norges Bondelag - og leiaren i Kristiansand Bondelag,
den vidgjetnefolkemusikaren og trekkspelaren Gunnar Hangeland. ( foto: øystein moi )


Møte mellom gamal og ny tid. Knut Erik Ulltveit og Erik Fløystad. ( foto: øystein moi )

Fantastisk mat, triveleg vertskap, gode kolleger - og eit variert fagleg program sytte for at
dette vart ei helg som dei aller fleste vil minnast med både glede - og vyrdnad.
Den venesæle telemarkingen, gardbrukaren og trubaduren Asmund Nordstoga synte seg å vere
ein særs dugande kar på scena - sjølv utan gitar.  Gode tankar og velmeinande råd.
Den same Nordstoga sytte og for god stemning i samband med middagsøkta på
fredagskvelden. Vakre ord og tonar. A cappella. På rotekte telemarksdialekt.


Så er dei klåre for nye oppgåver - i teneste for Agder Bondelag.
Åge Gyland , nestleiar - og Knut Erik Ulltveit som vert sjef for heile balletten...
(foto: øystein moi )

 


 

Stor interesse for leiarmøte på Agder

- Vi ser fram til to trivelige dager og en lang kveld, med tid til både faglige og politiske emner og til å bli kjent med hverandre på tvers av organisasjonsgrenser,slik skriv arrangøren i sin invitasjon til aktuelle deltakarar.

Valnemnda si innstilling er klar

Odd Harald Reve er øvetydd om at dei foreslåtte kandidatane vil representere agderbøndene på ein framifrå måte. Odd Harald smilar. Han plar det når han er nøgd. Han smilar mykje.

Lyngdalskyr

Reinert, Lyngdalskyra - og steingjerdene

Han he dreve gard på Kjølleberg, på Lista, i snart 40 år. Lyngdals-kyra he sin naturlege plass i fjoset, i hop med 149 andre firbeinte vener. - Det er mest for nostalgien, seier Reinert Kjølleberg. Vel vitande om at ho produserer vesentleg mindre mjølk enn kva andre rasar i same yrkesgruppa kan prestere i dag.

Jernbanegjerder til besvær

Mandag kveld møttes et 30-tall grunneiere som grenser til jernbanen i Vest-Agder. Mange opplever at jernbanen (nå ved BaneNor), som satte opp gjerder når banen ble bygget og har vedlikeholdt dem siden, nå ikke erkjenner gjerdeplikt.

Då Agder-gjengen drog på firmatur med jernbanen

Me ein fersk klimaavtale som bakteppe var det ikkje vanskeleg å velje transportmiddel då dei to fylkeslaga på Agder, sist veke, skulle ut i den store verda. På timeplanen stod på både studietur, valgvake og styremøte. Jernbanen sytte for ei fossilfri reise - i alle fall fyrste del av dagen...

Då Olaug vitja Frigstad!

Eg inviterte fylgje inn i residensen og me benka oss rundt bordet i finstova. Kona visste ingenting om denne vitjinga så eg stod sjøl for serveringa, årets ripssaft, kaffi og ei krydderkake frå juletider.

Landbrukets Dag - 2019

Vergudane slo seg fullstendig vrange. Regnet hølja ned laurdag morgon - og arrangørane måtte takle mange uventa problem. Dei fleste under vatn.Likevel var det god stemning inne på stemneplassen på Evjemoen. Publikum strøymde til - og handelen gjekk livleg føre seg under dei mange teltdukane.

I Sirdal held dei tradisjonane i hevd

Olsokfeiring, slåttedag, Sirdal Bondelag , godt naboskap, positive folk - og fint sumarver. Du he nettopp lese oppskrifta på det som vart ein himlande triveleg dag - og kveld i Haugom. Sirdal kommune og Vest - Agder fylke.

- Så uendeleg mykje å vere takksam for

Roy Vidar Svendsen serverer ostekake og traktekaffe ute på tunet. 25 grader i skuggen - og det er teikn til høgtidsstemning på Nedenes Gård. Gnr 428 - bnr 26. Me er i grensetraktene mellom Arendal og Grimstad. Dagen i førevegen feira husbonden sin 49. åremålsdag. Bladfyken fekk såleis servert restemat av aller beste slag.

Dette skjer i Agder

Mandag
17
februar

Kretsmøte Nortura - Sirdal

Kommunestyresalen, Tonstad
Mandag
24
februar

Kretsmøte Nortura - Audnedalen

Vigmostad Bedehus
Mandag
24
februar

Kretsmøte Nortura - Flekkefjord, Kvinesdal

Torvløbakkan Gard, Kvinesdal

Våre samarbeidspartnere