Fylkesleiaren i Aust - Agder Bondelag, Erik Fløystad, er på mange måtar nøgd med Erna Solberg sin nyårstale. Statsministeren talar klårt og tydeleg om at ein no må slutte å mobbe kvarandre.Take omsut for kvarandre.
Fløystad vonar no at regjeringa sjølv tek dette på høgste alvor - og sluttar å mobbe einskilde yrkesgrupper.
Bøndene på Agder medrekna.

Statsministeren legg heller ikkje skjul på at omgrepet "innovasjon" vert stadig meir viktig i samfunnet vårt, no som ein truleg byrjar å sjå konturane av det som kan vere slutten på ein gullkanta oljealder.
- Bøndene har beint fram dokumentasjon på at dei tilhøyrer ei av dei aller mest innovative yrkesgruppene i heile kongeriket, så dette er lovande signal frå ei blåblå regjering, avsluttar ein smilande fylkesleiar. Med glimt i augo.


Statsministeren oppmodar folk til å slutte å mobbe kvarandre. Fløystad reknar med at det no og vert slutt på mobbing av einskilde yrkesgrupper. ( foto: øystein moi )