Ny rekord - Naturligvis 2017

Ei minnerik helg. (foto: øystein moi )
Mat - og landbruksmessa Naturligvis 2017 er historie. På slagmarka, på slettene nord i den gamle militærleiren på Evjemoen, er det berre smular att etter ei særs vellukka helg. I dag er det småfuglane som held fest. For kvarandre.
Arrangørane kan notere seg for ein solid publikumsrekord. Meir enn 14 000 personar var innom messa i løpet av tre hektiske dagar.
Evjemoen Næringspark tok i mot arrangørane på ein framifrå måte, publikum strålte om kapp med sumarsola, parkeringsvaktene hadde ei stri økt - og i matteltet sto folk i endelaus kø for å sikre seg ein porsjon stuttreist lammekjøt
Hjå utstillarane, kremmarar frå både inn - og utland, var det berre gode ord å høyre.
Takk til kvar einskild som gjorde dette til ein av dei største folkefestane i bygda vår, nokon gong.
Foto: øystein moi