Han er meir klår og kraftfull i røysta enn vanleg,denne gryande septemberdagen.

Magne Thorvald Bakken har vore bonde i Kristiansand i meir enn 30 år - og er i dag 14. generasjon som forvalter gard og grunn på bruket på Kroodden.Tradisjonane stend i kø - og respekten for forfedres kamp for tilværet er ein av berebjelkane i ein triveleg, men strevsam kvardag hjå Magne Thorvald.

- Ja, eg he store forventninger til den nye regjeringa. Dersom ikkje denne gjengen klarer å få til eit kraftig inntektstshopp for bøndene, då trur eg ingen klarer det.

Nå er situasjonen så alvorleg for landbruket at dersom det ikkje kjem konkrete resultat, rimeleg kjapt, ja då er det beint fram mange bønder på Agder som avvikler drifta og stenger fjosdøra for godt.Tida er knapp. Alvoret sig som mørke skyer innover landsdelen.
Kvar dag.

Bakken har dyrkingsjorda, matfatet om du vil, spreidd på meir enn 50 ulike teigar i - og rundt byen. Magne Thorvald og John Deeren er såleis eit velkjend innslag i bybildet i sørlandsbyen.

- Hadde aldri trudd at eg etter eit langt liv som bonde skulle ende opp som minstepensjonist. Framleis har eg fleire år att i arbeidslivet, men pilene og prognosene peiker den gale vegen.
Skattesetelen lyg ikkje - og dagløna minner meg på dette kvar einaste dag.

Når saldoen nærmer seg null, og du ikkje har råd til å fylle opp gardstanken med diesel - ja då er det pumpeprisen på Esso som gjeld. Dei fleste skjøner kva dette betyr.
Når du ikkje har råd til å kjøpe nok kunstgjødsel for å kunne følge eigen gjødselplan - ja då skjøner framleis dei fleste kva dette betyr.

Magne Thorvald Bakken talar som ein røynd og frilynt emissær. Høgt, tydeleg - utan pauser. Utan manuskript.
Dette er noko han tenkjer på kvar einaste dag medan han rusler rundt og steller kjærleg og godt med sine 21 mjølkekyr og andre nære pårørande.

- Ein må vere optimist. Ein må ha tru på framtida - men akkurat no om dagen så butter det beint fram i mot. Sjølv er eg sta som eit velfødd esel, og skal nok klare meg i mi tid.
Er likevel redd for framtida. Redd på vegne av næringa.
Tenkjer på neste generasjon.
Dette gjeld ikkje berre meg - dette gjeld ufatteleg mange av mine kollegaer på heile Agder. Saldoen er så avgjort ikkje i vår favør.

No skal fagre valgløfter omsetjast i kroner og øre.
Det kviler ei tung bør på gutane, og jentene, som i desse dagar samlast kring langbordet på Hurdalsjøen Hotell.

Avsluttar Magne Thorvald Bakken. Gardbrukar i 14. generasjon

(tekst/foto: øystein moi )