Dei he halde det gåande kvart einaste år sidan 1978. Det byrja som små sosiale - og ikkje minst festlege lag på Grenaderen Motell på Evje. I forrige århundre.
Mykje he sjølvsagt endra seg sidan den gong, men mange av grunnleggjarane er i dag høgst oppegåande , og dei vert nærast handsama som kongelege - eller adelege av sine yrkesbrør.
Dei he verkeleg noke å vere stolte av - både bøndene, grunnleggjarane og arrangørane.
Sørlandssamlinga er, utan atterhald, den viktigaste møteplassen for landbruksnæringa på Agder. Både fagleg og sosialt. Ein møteplass på tvers av generasjonar og produksjonar. Ein møteplass kor hardt arbeidande matprodusentar tek med seg eit utval av dei aller nærast pårørande på ei velfortent hotellovernatting.
Dei kan svinge seg i dansen, dei kan sove lenge om morgonen, dei kjem til dekka frukostbord - og dei fær eit solid påfyll av både fagleg og åndeleg føde.
Ein møteplass kor dei største aktørane i næringa - konsernsjefar, direktørar og tillitsvalde nærast stend i kø for å sleppe til på talarstolen. 


Jau - dei he lov til å sjå eit grann slitne ut. Dei he alle lagt ned ein voldsom innsats
i samband med den årvisse Sørlandssamlinga. Dette er sjølvaste stamtreet til heile dugnadsgjengen.
F.v. Arne Magne Robstad, Arild Grødun og Tor Martin Moe.

( Foto: øystein moi )

 


God stemning i salen - heile dagen. ( foto: øystein moi )

 


Einskilde foredrag vart nok i lengste laget ... ( foto: øystein moi )

 


"Landbruksskulen" på Søgne var representert me ein flott ungdomsgjeng.
2. klasse landbruk og gartneri.
F.v. Bendik Olai N. Berg, Karoline Grøthe, Tommy Vestøl ( lærar), Miriam Elise Olsen og
Sasja Alexander Austrud  ( foto: øystein moi )

 


Henning Aarekol - sjukepleiar, ambulansearbeidar og motivator. Denne friskusen fekk
opp både stemninga og humøret hjå møtelyden. 
" - Livet er kort. Det er viktig å take vare på kvart minutt.
Take vare på kvardagen. Ingen veit noko om morgondagen. Det me likevel veit er at me
alle skal vere daue himla lenge ..."

(foto: øystein moi )

 


Den årvisse, og høgthengjande "Mi har det greit- prisen" vart i år tildelt
Jon Leif og Anne Gunn Eikaas. (foto: øystein moi )

 


Sjølvaste landbruksdiretkøren sytte for ei verdig og høgtideleg ramme kring stunda
då Kulturlandskapsprisen 2018 for  Aust-Agder skulle delast ut. Prisen i år gjekk till
den vesle grenda Øvre Ramse i Tovdal.
Som utsendingar frå bygda, og som stolte prisvinnarar, møtte Børulf Ramse (t.v.)
og Terje Ramse.  (foto: øystein moi )

 


- Ja sjølvaste Hennig Olsen heiv seg rundt og produserte spesiallaga iskake til dessert.
( foto: finn aasheim )

 

 

 


Per Inge Torkelsen er ein sikker vinnar kor godtfolk samlast. Moromannen frå Stavanger
avslutta festmiddagen på ein framifrå måte. (foto: øystein moi )