- Norges Bondelag er på mange måtar ein heilt fantastisk organisasjon. Sjølve bærebjelken i bonderørsla, produksjon av nok mat – og trygg mat, er utan atterhald noko av det aller viktigaste me kan halde på med. Verdas viktigaste jobb
Eg er likevel oppteken av at Bondelaget i framtida må take ei mykje større, og viktigare, rolle i den offentlege samfunnsdebatten. Me må verte meir synlege – i alle kanalar.

 

Birte Usland (47), meir talefør enn folk flest, klåre meininger – og med båe føtene solid planta i jorda heime på garden Høye. Tidlegare Marnardal kommune.
I meir enn 20 år he ho hatt nasjonale tillitsverv i ulike organisasjonar knyta til landbruksnæringa – og ho har i tillegg vore varaordførar i heimkommunen.
Birte var i ei årrekke fylkesleiar i Vest-Agder Bondelag, og denne veka seier ho takk for seg som medlem av hovudstyret i Norges Bondelag.

- Nei, eg kjem så avgjort ikkje til å sakne alle turane til hovudstaden. Dei siste åra har eg vore i Oslo, 2-4 dagar kvar einaste veke. Året rundt. Slik kan ein halde på eit bel, men i lengda vert det slitsomt. Ikkje heilt enkelt å kombinere med korkje familieliv eller gardsdrift.

Onsdag denne veka skal Norges Bondelag velje nytt styre. Birte er ikkje blant dei utvalde. No vil ho prioritere kvardagen på ein annan måte. Meir tid til kjærasten Oddgeir, to flotte jenter – og vel 30 mjølkekyr i fjoset. No vil Birte skrive sin eigen timeplan – sin eigen arbeidsplan. Ho fortener det så vel.

Telefonen tek til å verte varm. Birte Usland he så uendeleg mykje på hjartet denne føremiddagen. Bladfyken noterer etter beste evne. Kjærleiken til norsk mat, til norsk matproduksjon, til norske bønder – og til dyra, ligg som ein raud tråd gjennom heile samtalen.
- Det er viktig at kunden he tillit til oss som matprodusentar. Dette må me synleggjere gjennom måten me tek vare på resursane på. Kvar einaste skapte dag.
Godt stell av dyra - og vern om matjorda vår er to heilt avgjerande faktorar i denne samanhengen. Seier Birte – i tillegg til så uendeleg mykje anna. Vel gjennomtenkt. Etter eit halvt liv i teneste for landbruket sine ulike organisasjonar veit ho så inderleg vel kva ho talar om.
Livsrøynsle kallar me slikt. Ikkje handelsvare.Ikkje lettt tilgjengeleg på den opne marknaden.

 


Foto: øystein moi

 

Birte Usland he enno ikkje staka ut kursen for den vidare ferda på livsvegen. På onsdag er ho i Oslo for å take avskil med gode vener i Norges Bondelag. Eit vegskilje.
Heime venter ein solid gjeng med velfødde mjølkekyr. Heime venter Oddgeir  - og resten av greinene på slektstreet. Heime på Høye ventar ein ny kvardag.

I fotefara etter Birte finn me eit enormt kontaktnett. Eit kontaktnett som vil vere umåteleg verdfullt når ho no skal vidare i livet. Vidare på livsvegen. Ho vert garantert ikkje einsam. 
 


"Kjøp norsk mat. Et stuttreiste poteter" var bodskapen frå Birte - til tidlegare
Fylkesmann Ann - Kristin Olsen og dåverande landbruksdirektør i Verst-Agder
Dag Petter Sødal. Bilete talar sit eige språk. Fylkesmannen vart ikkje øvetydd.
(foto: øystein moi )


Når sosialdemokratiet, det norske, i desse dagar set opp vallistene for det komande stortingsvalet – ja då finn me Birte Usland på ein 3.plass på lista tilhøyrande  den regionale røystekrinsen.
Sjølvsagt er det veljarane som he det siste og avgjerande ordet i slike avrøystinger, men brått kan dette ende opp med ei heil røys med nye Oslo-turar…

- Eit velmeinande råd frå meg, til det nye styret i Norges Bondelag, er at organisasjonen ikkje vert for teknisk, for byråkratisk  og for upersonleg. Me må ikkje gløyme at menneska er vår aller viktigaste ressurs. Ein uerstatteleg ressurs. I det vidare arbeidet i Norges Bondelag må ein i langt større grad sjå kvart einskild menneske. Ikkje grave oss ned i stadig meir kompliserte og tekniske løysinger, veksande dokumenthaugar – og uskjønelege ordspel på den politiske tevlingsbanen.
Seier Birte. Ei gild jente – på alle vis.
 Ho vil berre det alle beste. For både folk og fe.


I teneste for bonderørsla. I demonstrasjontog i hovudstaden. Klare krav til
styresmaktene om betre tilhøve for norsk matproduksjon. (foto:øystyein moi )