No lengtar me etter våren..
Bak oss ligg ein av dei kaldaste vintermånadane i manns minne.  Fleire av oss er meir enn forsynte av frosne vassrøyr, sjølvdaue startbatterier, venelause koronabasseluskar og siloballar så harde som granitt.
No ser me frametter. Berre frametter. Det er ljosare tider i vente.
Våren er i kominga. Om ikkje så brått tek vårsola  eit kraftig og nådelaust oppgjer med både kuldegradar, snø og is. Det vert klisteføre på heia – og det vert vasspyttar på gardstunet. Dei fyrste grastustene kjem til syne attmed uthusveggen.
I saufjoset kan med glede oss til vårens aller vakraste eventyr.
Sevja stig, humøret vert betre – og lekamen hjå kvar einskild av oss kjennast brått både lettare og mjukare.
I Bondelaget er førebuingane i full gang fram mot dei årvisse jordbruksforhandlingene. Dette året med stor spenning – og med  eit større forventningspress enn nokon gong.
63 000 medlemmer. Ein kraftfull organisasjon – og skarpskodde fagfolk i alle ledd. Dei veit kva dei har med å gjere. Styresmaktene.
Saman er me sterke. Voldsomt sterke.

Kan hende han fraus på føtene, på øyro - eller på hendene, vår gode ven Ivar Aasen då han skreiv desse velkjende  verselinene:

«Fram på vinteren stundom han tenkte: «Gjev eg var i eit varmare land!» Men når vårsol i bakkane blenkte, fekk han hug til si heimlege strand»


"Vårens vakraste eventyr"