Her skal bondenæringa konkurrere om merksemda med sterke aktørar som Forsvaret, Universitetet på Agder, BI, Handelshøgskulen, Det Teologiske fakultet, Politihøgskulen, flygarutdanning og ikkje minst private aktørar med utdanningstilbod under fjerne – og langt varmare himmelstrok.
Rundt rekna 50 ulike utstillarar, frå inn – og utland tok vel i mot nyfikne ungdomar frå båe agderfylka.

Mange av ungdomane bestemte seg vonleg desse dagane for kva for studieretning dei skal satse på i ei rimeleg nær framtid.
Kor mange komande gardbrukarar som rusla rundt i Gimlehallen desse dagane er sjølvsagt uråd å ha ei klår meining om.
Det som likevel er heilt klårt er at det var uventa stor interesse for vårt arbeid. Mange tok seg tid til å slå av ein prat, og i løpet av messa delte me ut tett på 500 eksemplar av vår eigenproduserte brosjyre, ”Vi lager maten din.”

Det viktigaste er kanskje å gjere denne flotte ungdomsgenerasjonen medvetne på kor viktig denne næringa, landbruksnæringa, er for dei sjølve, for heimstaden deira, for landet vårt – ja for heile jordkloda.
At matproduksjon er verdas viktigaste næring er det i alle fall 500 unge sørlendinger som i desse dagar he fenge ei viktig påminning om. Både skriftleg og muntleg.

Me må ikkje gløyme at det er nettopp denne generasjonen, desse ungdomane, som i komande år skal take vare på, og vidareføre, ressursane våre.
Snart sit dei i mektige posisjonar i heradstyret, i landbruksnemda – eller på Stortinget.Dei skal og i framtida take viktige avgjersler om både konsesjonslov, odelsrett, jordvern, tollmurar, levande bygder, stuttreist mat, velstellde kulturlandskap – og handel med den europeiske unionen.
Då kan det ikkje vere skadeleg med eit grann grunnlegjande folkeopplysning. Då kan det ikkje vere skadeleg å minne ungdomen om at ” Det er vi som lager maten din.”