Svaret på mykje av dette vil me truleg få i løpet av ettermiddagen den 20. mars. Åstaden er Scandic Bystranda Hotell i Kristiansand. Aust-Agder Bondelag og Vest-Agder Bondelag skipar til årsmøte denne dagen.
I etterkant av årsmøtet vert det på mange måtar ei offisiell opning av valkampen på Sørlandet. Alle dei poltiske partia, som i dag er representerte i Nasjonalforsamlinga, sender sine mest skarpskodde representantar til Bystranda.
Utfordringa til dei politikarane, eit halvt år før stortingsvalet, er slik: " Vi ønsker at du skal presentere din - og ditt parti sitt mål, og sine visjoner, for norsk landbruk. I et Agderperspektiv."

Mot kommende valg (og i programforslagene som foreligger) ser vi et Ap som er blitt betydelig mer interessert i landbruk og som beveger seg mot Sp på dette området. Krf har også økt engasjement på landbruksområdet. H og Frp viser få endringer i forhold til forrige valg og Sundvollenerklæringen. SV og MDG framstår som landbruksvennlige og tydeligst i en retning mot småskala og vekt på økologisk. V spriker litt, med en liberal(istisk) grunnholdning, men også som talsmenn for småskala og økologisk. Rovdyrpolitikken gir tydelige skiller, med V, MDG og SV (og deler av Høyre ) som de tydeligste tilhengere av økt rovdyrbestand.

 

I tingsalen vil det sitje omlag 100 skodelystne og nyfikne bondevener. Politikarane bør stille godt førebudde, lokale bladfykar bør finne tida mogen for fagleg, og politisk påfyll, og Bondelaget skal syte for at ingen reiser korkje svoltne eller vonbrotne for byen denna dagen.
Me ynskjer Dykk hjartekeg velkomne. Kvar og ein.

 

Odd Omland (AP), stortingsmannen frå Kvinesdal, he ved fleire høve synt seg å vere ein ærleg og trugen bondeven. Den 20. mars skal han på mange måtar opp til ein viktig eksamen. I salen sitt meir enn 100 skarpskodde fagfolk. Dei vil gjerne få eit klårt svar på om den omtykte sosialdemokraten er til å stole på når det verkeleg brakar laus i jordbruksforhandlingene i løpet av våren. ( foto: øystein moi )