I sentrum av det heile vert det rigga opp eit stort mattelt kor elevar frå Tangen v.g.s skal lage og servere mat.
Her vert det m.a. servert ei spesiell grilla utgåve av ein lammerull,  spesialkomponerte grillpylser og ein sjeldan smakfull fiskeburgar.
- Sjølvsagt bruker med lokale og kortreiste matvarer seier den forventningsfulle matkunstnaren Øyvind Nese.

Frå Lindesnes Fyr kjem dei dragande med ein mobil vedfyrt bakaromn - og ut or denne lovar dei å hente det aller beste som finnast av menneskeskapt bakverk.
Du kan berre glede deg ..

Og frå "Smaken av Sørlandet" er arrangørane lova at dei og skal servere nokre eineståande og smakfulle matrettar - laga av lokale råvarer.

På Øvre Torv vert det skipa til ulike aktivitetar for både store og små  - og ei og anna
øverasking vert det garantert plass til i programmet, lovar arrangørane.
Når Sound of Happiness dreg til med sitt velkjende repertoar - ja då vert det
garantert ei magisk stemning på Torvet.
He du samstundes spursmål om kompostering, andelslandbruk eller grønsakdyrking
innanfor ramma av ein pallekarm - ja då er Øvre Torv staden du bør vitje denne
tidlege haustdagen i Kristiansand.
Bondelaget stiller med skarskodde fagfolk som vonleg vil kunne svare på det aller meste
som handlar om norsk landbruk og norsk matproduksjon.