Marit Gunn og Kåre på oppdrag i Setesdal
Marit Gunn Tveit og Kåre Blålid er komen heim til Lillesand etter ein av sine mange turar i setesdalsheiene. Her he dei jamnleg tiilsyn med saueflokken sin - og her fyller dei på dugeleg med helsebot for både lekam og sjel. Denne sundagen vart det noko spesielt. Røyklukta låg tung øve dalføret. Skogbrannane herjer i knusktørr utmark. Dramatiske dagar i Setesdal.
Marit Gunn, lokallagsleiar i Lillesand Bondelag, seier at dyra no held seg høgt oppe i fjellet kor det framleis er grønt gras å finne. Alle venter dei no på regnvær og vindstille. Både spelsauen, Marit Gunn, Kåre - og eit hundretal med utslitne brannfolk frå heile dalføret.
Det blir nok multekrem til dessert denne sundagen.
Røyteppet er lett synleg i Valle.
Marit Gunn og hjelparen Saga .