Leiarskifte i bondelaget
Birte Usland, busett på garden Høye i Marnardal, har vore ein profilert leiar i Vest-Agder Bondelag sidan 2005. No har Birte funne tida mogen for å sleppe til nye krefter i det krevjande vervet som leiar for meir enn 1100 trugne bondevener i vestfylket.
Det er ein egasjert, hardt arbeidande – og fagleg sterk fylkesleiar som no takkar for seg. Hennar store nettverk, lokalt, regionalt og nasjonalt, har vore Birte til stor hjelp i det daglege og målretta arbeidet for betre tilhøve for bøndene i Vest-Agder.
Birte Usland har på ein framifrå måte spreidd bodskapen ut til ålmenta. Bodskapen om hardt arbeidande bønder, kortreist mat, levande bygder – og eit landbruk over heile landet.
Vest-Agder Bondelag skipar til årsmøte torsdagen den19. mars.
Åstaden er Sørlandets Travpark.
Leiar i valnemnda er Jan Harald Lohne frå Lindesnes.
Lohne stadfester at valnemda har innstilt Tor Erik Leland, frå Selandsdalen i Audnedal, til ny leiar av fylkeslaget.
Leland er ein 35 år gamal mjølkebonde med lang røynsle frå organisasjonsarbeid i Bondelaget. Dei siste åra som nestleiar i fylkesstyret – og ein lengre periode som fungerande leiar.
Leland er tidlegare bladfyk i Lindesnes Avis og vil vonleg, på ein framifrå måte, raskt kunne sette ord på eigne djupe tankar – og på bøndene sine klåre meininger.