Aust-Agder Bondelag og Norsk Landbruksrådgjeving Setesdal skipar til landbrukspolitisk møte i grendehuset Treungen på Helle, onsdagen den 03. februar.
Frå hovudstaden kjem sjølvaste nestleiaren i  Norges Bondelag, Kristin Ianssen, som meir enn gjerne vil høyre kva bøndene i dalen ser på som dei største utfordringene i næringa, kort tid før ho sjølve kastar seg ut i tøffe forhandlingsrunder med skarpskodde tenestemenn frå regjeringasapparatet.

Det kan raskt verte høg temperatur inne i det vesle grendehuset på Helle denne vinterkvelden. Når rovviltpolitikken , og rovviltdebatten, stend på køyresetelen  vert det ofte heftige ordskifte og høg temperatur hjå møtelyden.
Det er Finn Aasheim, organisasjonssjef ved bondelaget sitt Agderkontor, som tek seg av denne bolken.
Landbruksinteresserte i alle aldre er hjarteleg velkomne til eit spanande møte på Helle. Arrangøren melder samstundes at det vert  servert rjomegraut, raud saft, kaffe og  stuttreiste wienerpylser.

Foto: øystein moi