Foto: Siri MoiDet blir folkefest heile dagen teil ende når landbruksminister Jon Georg Dale kjem til Setesdal for å opne tre nye sauefjos.
Marknad, servering av heilgrilla og stuttreist lam, gjetarhundoppvisning, saueklypping - og ei lang rekkje med lokale kulturinnslag.

Sjå omtale i Bondebladet.

For temmeleg nøyaktig eit år sidan var representantar frå Agderkontoret tilstades på eit kraftig sauemøte på Ose i Setesdal. I desse dagar ser me resultatet av eit framifrå planleggjingsarbeid, dugande fagfolk - og ikkje minst unge bønder med tru på framtida. Med tru på landbruket.

Dei kom til sine eigne, og dei vart godt mottekne. Det har vore ei voldsom interesse for nyskapinga ”Saueprosjekt Aust-Agder ” – og stadig nye sauefjos er under planleggjing.