Organisasjonssjefen ved Agderkontoret til Bondelaget, Finn Aasheim, representerte Agder Bondelag saman med fylkesleiar Knut Erik Ulltveit. Aasheim  omtalar vitjinga på gardsmeieriet hjå Selma Damman og Arno Landmann som det absolutte høgdepunktet på dagen.
Tilflytta nederlendarar med eit varmt hjarte for landbruksnæringa - og eigen mjølkeproduksjon.
Mesteparten av mjølka dei produserer vert levert til den lokale verksemda Kakemesteren AS som treng nærare 250 000 liter mjølk i året.
Kravet er at denne mjølka må vere både pasteurisert og homogenisert. Løysinga då vart at Selma og Arno beint fram bygde sitt eige lille gardsmeieri.

 


Selma og Arno. Dugande og stolte mjølkeprodusentar  med eige meieri.
( foto: Finn Aasheim )

 


Ein smilande og nøgd meieribestyrar.   (foto: Finn Aasheim )

 


Torleiv Momrak representerte Agder fylkeskommune og vart teken vel i mot av
både to - og firbeinte vener i Åmli.  (foto: Finn Aasheim )

 


Foto: øystein moi

 

Etter ei kraftfull og næringsrik matøkt nytta sjølvsagt både organisasjonssjefen, og fylkesleiaren, høvet til å informere
fylkespolitikarane om aktuelle landbrukspolitiske saker. Mange aktuelle spørsmål vart lufta
- og møtelyden noterte ivrig i protokollen om både beredskapslagring, sjølvforsyning,
koronasituasjonen i landbruket - og ikkje minst trugsmålet
om redusert verdiskapning i landbruksnæringa dersom Noreg tillet auka tollfrie importkvoter
i samband med dei pågåande Brexit-forhandlingene.

Ein kan avslutningsvis merke seg at Åmli m.a. skil seg ut som ein særs offensiv "nydyrkingskommune."
Dei siste 10 åra er det nydyrka heile 2500 da i kommunen.

 

Storsatsing i industri - og landbrukskommunen Åmli