Han er nett komen heim frå travle dagar, seine kveldar - og stutte netter på den internasjonale mat- og reiselivsmessa Grüne Woche i Berlin. Ei av dei aller største messene, innnfor denne fagkrinsen, på heile jordkloda.
Her hadde Øyvind Nese, frå Kristiansand, ei heilt sentral rolle på den norske paviljongen.
Ein stand som vart kåra til den aller beste utstillinga på heile messa. Verdas største messe innanfor denne fagkrinsen.
Me talar her om ein prestasjon på aller høgste internasjonale nivå.
Sørlandet var representert med 19 ulike verksemder. Både matprodusentar og reiselivsaktørar.
Øyvind Nese tok seg av maten. Ei oppgåve han løyste på ein framifrå måte.
Spelsauen frå Hovden fann brått ein heil ny marknad. Tyskarane studde i seg 50 kg Lammetaco - og fyllde på med velsmakande øl frå Nøgne Ø i Grimstad. Til dessert fekk dei stuttreist iskrem med tilhøyrande tytebergløgg frå Røyland Gård på Engesland.
Dei kulinariske høgdepunkta stod beint fram i kø.
Det same kan ein vel seie om dagen då Øyvind Nese & co sette sørlandsk elgkjøt øvst på matsetelen. I løpet av få timar selde dei unna 1200 elgburgarar og 60 kg elg-roastbiff.
Restauranten på den norske paviljongen serverte meir enn 25 000 måltider i løpet av messedagane på Grüne Woche 2017.
Med seg på laget hadde Øyvind 5 fantastiske kokkar - og to lærlingar som alle skal ha sin del av ære og heiderleg omtale i etterkant av messa.
Nese rettar ein særskild takk til kjøkkensjef Solveig Ågaard Svanstrøm som sytte for at absolutt alt gjekk heilt etter køyreplanen. Solveig er til dagleg å finne bak grytene på restaurangen "Bønder i Byen" i Kristiansand.

Ei slik storsatsing som dette he sjølvsagt ein prislapp. Ein høg prislapp vil nok mange meine. Øyvind Nese er likevel ikkje det minste i tvil om at dette er investeringer som me sjølve, og storsamfunnet elles, vil få attende i rikeleg mon. Betre noregsreklame skal du leite lenge etter. Jamnleg omtale i dei store landsdekkjande avisene, innslag på ulike fjernsynskanalar øve heile Europa - og ikkje minst den beinveges kontakten som utstillarane fær med dei bortimot 500 000 gjestane som vitjar messa kvart år.


Nese trekk og fram eit anna høgdepunkt, når me fyrst talar om lokal marknadsføring. Ordføraren i Bykle, Jon-Rolf Næss, heldt tale i den norske ambassaden i Berlin. Ein tale som vekkja åtgaum i den tyske hovudstaden. Ein tale som verkeleg sette Sørlandet, Setesdal medrekna, på Europa kartet. Sjølvaste landbruksministeren, sauebonden Jon Georg Dale, tok så smått til tårene..

Øyvind Nese er dagleg leiar i vår lokale mat- og landbruksmesse "Naturligvis", og han er prosjektleiar for " Smaken av Setesadal" Vonleg he han med seg heim gode, smakfulle og verdfulle røynsler frå Berlin - røynsler som etter kvart kan brukast for å lyfte meir lokale arrangement mot nye høgder.