Agder fylkeskommune går nå først i toget med å take grep for å auke delen av lokalt produsert mat og drikke. Målet om at 50 prosent av all mat og drikke i offentlege institusjonar skal vere produsert lokalt innan 2025 er ein god og målretta veg å gå for å støtte lokalmatprodusentane – og samstundes  gjeve  innbyggjarane eit mangfald av god, stuttreist og velsmakande mat på bordet..
Til kvardag og fest.

I førarsetet på dette miljøtoget finn me prosjektleiaren i fylkeskommunen, Kari Brunvatne Kleivset frå Søgne.
Den tidlegare rektoren ved «landbruksskulen» i Søgne har solid fagleg bakgrunn, og ho kjenner denne næringskjeda, frå jord  - til bord, betre enn dei aller fleste av oss.

Kleivset har som mål å kople på stadig fleire vogner, og fleire ihuga passasjerar, på dette offentlege – og vonleg raske toget.
- I fyrste omgang er det kanskje naturleg å tilby plass til kommunale skular, barnehagar -  offentlege kantiner og matstover av ulike slag, kommenterer Kari Brunvatne Kleivset når me varsamt spør om vegvalet vidare.

  • Det er her me er avhengig av kvar einskild bonde. Me er avhengig av kvar einskild lokale matprodusent for nettopp å få eit stabilt og godt forsyningsledd .
    Dette prosjektet er ein sirkel kor me alle må  stå saman og arbeide mot eit felles mål. Det skal så himla lite fråfall til før sirkelen ikkje lenger er nokon sirkel – og  då heng på mange måtar heile prosjektet i lause lufta. Då er det brått tale om ei illevarslande avsporing

Seier Kari. Optimist. Engasjert  - og umåteleg talefør. Det er slike togførar me treng for å kunne nå gjennom i vår byråkratiske og gjennomregulerte  verden.

Kleivset  er samstundes klinkande klår på at her kan – og må bøndene, produsentane, bruke si makt og sitt eineståande mandat.
Samvirkeorganisasjonane, eigd av norske bønder, må sjølvsagt dragast med i dette livslange prosjektet.
Merking og profilering av lokalprodusert matvarer er ein god start  - eit godt utgangspunkt når me no om dagen framleis stend på perongen.
Den vidare reisa, sjølvaste livsvegen, kan bli både lang og spanande.
Med Kari på «sporet» , som reiseleiar på heiltid, har me all grunn til å tru at dette vert ei spanande og meiningsfylt reise.
Ordet «bærekraft» vert nemleg meir og meir aktuelt for kvar einaste dag.

Prosjekt Matregion Agder - Agder fylkeskommune (agderfk.no)