Innspel til jordbruksforhandlingene
Kalenderen syner mars månad. Det er vår i lufta på Sørlandet. Styret i Vest-Agder Bondelag er samla for å sameine sine djupe tankar og faglege innspel til dei komande jordbruksforhandlingene.
F.v. Anne Lill F. Roland, Finn Aasheim, Cathinka Jerkø, Birte Usland, Anne Rakel Haaland, Åge Gyland og Tor Erik Leland. ( foto: øystein moi )
Det tykkjest ikkje vere store problem for denne gjengen å finne gode formål og velmeinte ynskjer i kravet som skal utarbeidast til dei komande jordbruksforhandlingene.
Fylkeslaga, 18 i talet, byggjer sine uttaler til jordbruksforhandlingene på uttale frå dei ulike lokallaga. Fylkeslaga sin uttale er samstundes eit viktig grunnlag for det vedtaket som representantskapet i Norges Bondelag skal gjere seinare denne månaden.
Dette vedtaket er så sjølve "marsjordren" til forhandlingsutvalet - og teikner på mange måtar opp vegkartet for dei komande forhandlingene.
Det vert ein spanande vår på Agderkontoret - og i landet elles. Norges Bondelag tek utfordringene på høgste alvor - og kvar einaste stein skal vendast før dei utvalde kvinner og menn set namnetrekket sitt på det som vonleg vert det endelege forhandlingsresultatet...