Bondelaga på Agder, med høveleg hjelp frå Agderkontoret, skipa denne veka til informasjonsdag med øveskrifta "Inn i framtida - Inn på tunet."
Åstaden var lagt til møtelokala, på låven, på Kjerlingland Hest- og aktivitetsgård i Lillesand.

25 personar, representantar for Fylkesmannen - og for Evje & Hornnes kommune medrekna, tok sete i tingsalen medan Erik Fløystad ynskja velkomen til gards.
Dette var dagen då møtelyden, alle med sentrale roller innanfor landbruksnæringa på Agder, skulle få vete så uendeleg mykje meir kring omkvervet "Inn på tunet."

Kva er eigentleg "Inn på tunet" -
"Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikrede velferdstjenester på gårdsbruk. Godkjente gårder tilbyr aktiviteter som gir meningsfylt arbeid , mestring, utvikling og trivsel. Det er mange ulike forskningsrapporter og erfaringer som viser positive effekter av denne typen tiltak:  Å bruke dyr i terapi, arbeide med hagebruke og mestring av konkrete oppgaver på gården. Alt dette er med på forbedre hverdagen til de som får tilbud fra Inn på tunet-gårdsbruk.

De viktigste brukerne av tilbud fra Inn på tunet er:

  • Barn- og unge
  • Mennesker med rusproblemer
  • Funksjonshemmede
  • Eldre

Aktivitetene i tjenestetilbudet er knyttet opp til gården, livet og arbeidet der. Det i dag godkjente Inn på tunet-gårdsbruk over hele Norge (link til tilbydersiden).

Målet er å både øke antall brukere og antall tilbydere for å forebygge og rehabilitere."


Illustrasjonsfoto: øystein moi. ( Ein gjer merksam på at personen på bilete ikkje har nokon som helst tilknyting til innhaldet i artikkelen.)

Etter ein varm velkomst, og tilhøyrande stuttreist traktekaffe i koppen, fekk møtelyden ein flott presentasjon av aktiviteten på Kjerlingland.
Vetle Øverland, eit fyrverkeri av ein foredragshaldar, sit sentralt plassert i IPT-utvalet i Norges Bondelag. Med bakgrunn i eigne røynsler frå Meltvedt Gård   fekk ein ei ærleg innføring i av kva det vil seie å leie ei "Inn på tunet verksemd " i praksis.
Ragnfrid Kogstad er tilsett ved Høgskulen i Hedmark og har m.a. skrive ei handbok for personar som gjeng med ein gryande tanke om å starte opp med "Inn på tunet."
Her fekk me ei fagleg og grei innføring i det aller meste av gjeldande lovverk, tips og råd.

Bjørn Hvaleby er seniorrådgjevar hjå Matmerk og fortalde på ein lett skjøneleg måte, grundig og fagleg dokumentert med tydeleg skrift på fjosveggen, kva som må til for at ei verksemd skal verte godkjend innanfor gjeldande regelverk tilhøyrande "Inn på tunet."

Brit Mjåland driv Mjåland Gård i Marnardal og he årelang røynsle med "Inn på tunet" - og det var interessant å høyre kva røynsler ho he hausta innafor dette fagfeltet.

Medan hønene rusla rundt på tunet, hestene kvilte seg under tuntreet - og grisen tok føre seg den siste bolken av middagskvilen, fekk møtelyden servert eit velsmakande måltid inne på låven. Heimebaka stomp, stuttreist kjøtpålegg, ein uforgløymeleg salat med ukjend innhald - og god stemning. Godt vertskap.
 

Takk for ein gild og lærerik dag på låven på Kjerlingland.


Både Vetle Øverland (t.v.) og Erik Fløystad var i storslag då dei vart intervjua, beinveges på kringkastinga, sjølvaste NRK. ( mobilfoto: øystein moi )