Foto: øystein moi

På ei rundreise hjå trugne og ihuga bondelagsmedlemmer i Indre Agder legg me inn ei kaffepause på Mjåland Gård i Marnardal. Ute på åkeren, under ein blafrande plastduk, finn me Brit Mjåland. Brit venter på at ho kan hauste dei aller fyrste jordbæra denne sesongen. Sola - og varmen let vente på seg. Raudfargen under plastduken er framleis totalt fråverande.

Jordbærplantene  til Brit er kva ho kallar "remonterande "- det vil med andre ord seie at ho m.a. kan levere friske og nyplukka bær til langt ute i elgjakta. Etterspurde, kortreiste - og sjølvsagt økologiske.jordbær.

Sidan 1600-talet har det vore liv og drift på Mjåland gård. Her møter du ein idyll kor både velfødd villaks og søkjande menneskjer stopper opp for eit bel. Den fiskerike Mandalselva ligg berre eit steinkast unna gardstunet på Mjåland.
 Tidlegare var det skogen og laksefisket som var dei viktigaste næringene i dette dalføret. Heilt sidan tidleg steinalder har det vore stabil busetjing her.

Brit Mjåland tok over drifta av garden i 2001. Ho vaks  opp på Mjåland Gård. Ho er glad i det grøne i naturen og ho sår jamnleg små frø som veks seg store og sterke. Eit godt bilete på den samla verksemda på Mjåland.
Stein på stein. Små dropar som vert til ei stor elv. Påfyll i kvardagen for dei blant oss som kanskje treng det aller mest.
 Ho har fire eigne born og ho har vore fostermor i ei årrekkje. Mjåland Gård gjev god ballast og ein ny start for mange.
Inn på tunet har vore ein viktig del av aktiviteten på Mjåland Gård sidan år 2000.