(Foto: øystein moi)

 

Det vart eit sterkt og minnerikt møte med ein gild, optimistisk, reflektert og modig ung mann.

I fjor vart Halvor Retterholt (25) kåra til "Årets avløysar" på Agder. Me kan såleis slå fast, utan atterhald, at her har me med ein solid fagmann å gjere.
Ei telefonrunde til røynde gardbrukarar i røystekrinsen etterlet ingen tvil. Referaneane - omtalen av unge Retterholt er udelt positive. Ein framifrå ungdom. Ein arbeidsmaskin av dei sjeldne.

Me tek sete i stova, i det herskapelege våningshuset.
Halvor flytta inn her den 8. oktober - og einskilde detaljar manglar sjølvsagt før alt er på plass. Gardinene ligg framleis i ei pappeske på loftet.

Me får servert traktekaffe og rykande ferske pepperkaker frå Coop-butikken i kommunesenteret. Det er ein tydeleg stolt storbonde og huseigar som tek plass i hjørnesofaen.

Halvor kjøpte garden, på Simonstad i Åmli, på den opne marknaden. Prislappen, på vel 12 millionar kroner, inkluderte både jord og skog - eit herskapeleg våningshus, og eit moderne uthus med ei gunnflate på omlag eitt dekar. Når dei siste brikkene fell på plass så skal agronom Retterholt ha hand om ei mjølkekvote på omlag 400 tonn.
Dette ber bod om travle dagar for både Halvor og roboten.

Det vert ei triveleg stund kring kaffebordet på Simonstad denne fyrste desemberdagen. Knut Erik Ulltveit, frå Agder Bondelag - og Arno Landman, lokallagsleiaren i Åmli Bondelag, let seg imponere av unge Retterholt.


(Foto: øystein moi)

Halvor tømer kaffekanna, set loket på kakeboksen, ser på klokka - og me skjøner vel at ungguten har tett program for resten av dagen.
Eg lover Halvor at eg ikkje skal skrive denne vesle artikkelen som ei tydeleg kontaktannonse.

Me er likevel samde om ein ting. Fylkesleiaren, lokallagsleiaren - og bladfyken. Det er meir en nok plass til ei dugeleg gardkjerring i det herskapeleg huset på Simonstad.

God jul Halvor - og lukke til.


(Foto: øystein moi )