(tekst / foto: øystein moi )

- Eg er heilt avhengig av jamnleg kontakt og god dialog med innbyggjarane på Agder, seier nyvald stortingsrepresentant Gro Anita Mykjåland.(Sp)

- Det skal ikkje vere skilnad på om eg er ordførar eller stortingsrepresentant. Eg er ei ekte bygdejente, med båe føtene solid planta på jorda - og det vil eg alltid vere.

Eg kan gjerne trekke fram den særs gode dialogen eg har, og har hatt, med Agder Bondelag. Eit godt døme på korleis me saman kan freiste å dra politikken i rett lei. Knut Erik Ulltveit gjer ein framifrå jobb her.

Heller ikkje Gro Anita Mykjåland veit så mykje om dei pågåande regjeringsforhandlingene, men ho garanterer at ho kvar einaste skapte dag vil stå på bøndene. På landbruket, si side.

- Det er ikkje bøndene sitt hovudansvar å syte for nok mat til den norske befolkninga. Dette ansvaret kviler heilt og tungt på kvar og ein av dei169 folkevalde på Løvebakken.

Pandemien, nedstenging av samfunnet og tidvis tome butikkhyller bør minne oss alle om kor viktig det er med ein høg og stabil sjølvforsyningsgrad i dette landet, seier Gro Anita før ho fyrer laus med neste kapittel. Dette er tydeleg noke som engasjerer den folkekjære ivelandsjenta.

- Eg stiller meg heilt og fullt bak "Landbruksløftet" som kort oppsummert seier at Inntekt er både det viktigaste virkemiddelet for å nå måla i landbrukspolitikken og eit mål i seg sjølve. Inntektsnivået i jordbruket er nå langt lågare enn i det øvrige samfunn. Dagens utvikling må snuast for å skape ny giv i næringa. Tilgang til ein nasjonal marknad for norske jordbruksprodukt er avgjerande for eit bærekraftig jordbruk og ein konkurransedyktig norsk matvareindustri.

Eg har fenge klar melding frå vår eigen partileiar om at han vil sjå meg minst mogleg på kontoret i hovudstaden. Det er viktig å vere ute blant folk flest. Vere ute blandt dei som i røynda har gjeve meg denne jobben - gjeve meg denne tilliten.

Seier Gro Anita Mykjåland.

I går leverte ho frå seg ordførarkjedet. I dag pakkar ho kofferten.

Me ynskjer lukke til på ferda. På livsvegen.