Gratulerer så mykje til Kari og Sjur
Innovasjon Norge deler kvart år ut bedriftsutviklingsprisen i landbruket (tidlegare Bygdeutviklingsprisen). Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner. Vinnarane deltek i konkurransen om den nasjonale prisen som er på 250 000 kroner.
Innovasjon Norges søkjer verksemder eller personar med næringsverksemd i basis i landbrukets og bygdenes ressursar. Kandidatane vert vurdert etter følgjande kriterier:
- Bærekraft, her under
- Økonomisk resultat/lønsemd
- Sosialt som sysselsetting og ringverknader i lokalsamfunnet
- Miljømessig som utnytting av lokale ressursar, fremme av lokal kultur og reduserte utslepp
- Innovasjon/nyskaping
Det er aktive, særs dugande - og på mange måtar tradisjonelle bønder som no vert heidra med denne høgthengjande næringslivsprisen i Vest-Agder.
Sjur og Kari Lauvdal driv med mjølk - og slaktegrisproduksjon heime på garden i Marnardal. Ei moderne og veldreven verksemd.
Dei er båe to svært aktive som medlemmer - og ikkje minst som tillitsvalde i fleire av landbrukets organisasjonar. Sjur Lauvdal er m.a. leiar av Marnardal Bondelag.
Tilstades på den høgtidelege prisutdelinga var m.a. representantar frå Tine, Nortura, Bondelaget, landbrukskontoret - ja sjølvaste dyrlækjaren i bygda fann seg ein ledig stol kring langbordet. Det var altså mange som ynskte å heidre Kari og Sjur på den store dagen. Den gilde kvelden.