Etter som det kun vart delt ut 51 mjølkespann er det imponerande at to av desse gjekk til Åseral.

 Mjølkespannet er ein ny heiderspris som vart utdelt for første gong i år der kravet er samanhengande 25 år med elitemjølk. Fortsatt vert Sølvtina utdelt til mjølkeprodusentar som leverer elitemjølk i samanhengande 15 år.

 Ikkje ein einaste glepp

Kvar dag måler TINE kvaliteten på mjølka frå norske mjølkeprodusentar. Den beste mjølka vert kategorisert som «elitemjølk». Mjølka vert mellom anna analysert for celletal som fortel om jurhelsa, bakterienivå som fortel om hygienisk standard og frie feittsyrer som fortel om smaken på mjølka. Mjølka må sjølvsagt vera fri for medisinrestar og dette vert kontrollert ved kvar einaste mjølkehenting.

 Bønder som klarer å levere elitemjølk kvar einaste dag i 25 år, vert heidra med Mjølkespannet.

Kvalitet og grundighet

TINEs styreleiar Trond Reierstad og konsernsjef Hanne Refsholt stod for utdelinga på Lillestrøm måndag kveld 23. april. Elitemjølk er den høgaste kvalitetsmerkinga norske mjølkebønder kan få for mjølka, og over 9 100 dagar med god fjøsdrift må til for å kunne motta det eksklusive mjølkespannet i sølv.



Styreleiar Trond Reierstad er stolt over kor dyktige og grundige mottakarane av Mjølkespannet er. Bak prestasjonane ligg yrkesstoltheit, gode hygienerutinar og grundig planlegging og oppfølging av alle delar av gardsdrifta, med stor vekt på å ta vare på dyra på beste måte.

Høg kvalitet er det beste konkurransefortrinnet norsk mjølkeproduksjon har i konkurransen med utanlandske aktørar. I løpet av dei siste åra har andelen elitemjølk auka jamnt. Det betyr at norske forbrukarar får mjølk i verdensklasse, seier Trond Reierstad.


Ove Austegard