Trykksverta er knapt turr. Knut Erik Ulltveit, fylkesleiar i Bondelaget, har nett fått i hende møtereferatet frå fylkeskommunen.
"Agder fylkeskommune støtter i hovedsak også innspillet fra Agder Bondelag."
Ein god start på eit fyldig og klargjerande møtereferat. Øvst på arket.

 

- Det er gildt å registrere at fylkespolitikarane vel å prioritere inntekta for bøndene opp på same nivå som me ser i resten av samfunnet.
Det er samstundes gledeleg at dei same poltikarane tilrår ei auke i gjeldande investeringsmidler. Dette er m..a. viktig for å imøtekome det vedteke lausdriftskravet for storfe. Den aktuelle datoen for dette vedtaket kjem stadig nærare, og mange produsentar har nok alt huka av denne mykje omtala dagen i almanakka.

 

Ulltveit er og glad for fylkeskommunens ubetinga støtte til viktige klima - og miljøtiltak i landbruket. Auka midler til  RMP ( regionalt miljøprogram.) - og til drenering.
Klima syner seg raskt å verte ei av dei aller største uffordringene for norsk landbruk i tida som kjem.

- Det er vel ikkje kvar dag våre vener, poltikarane, haustar ros og heiderleg omtale i media.
I dag tykkjer eg verkeleg dei fortener det, avsluttar fylkesleiaren i Agder Bondelag.

Og slik vert vonleg arbeidsdagen, kvardagen, mykje trivelegare for fleire av oss.
Dei folkevalde medrekna.