Magne Vegge (t.v.) og Gunnar Helliesen ( foto: øystein moi )

-Dette skal så avgjort ikkje vere eit møte om all elende eller personlege tragedier i norsk landbruk, sa bonde og sosionom Magne Vegge då han ynskja omlag 40 deltakarar velkomen til eit dagskurs kring emnet "Bonde i medgang og motgang."
Sjølve tilskipinga var eit samarbeid mellom Norsk Landbruksrådgiving og Landbrukstjenester Sør, og møteleiar var GunnarHelliesen - rådgjevar innanfor fagområdet HMS.
I førekant av møtet hadde Bondelaget / Agderkontoret sendt ut invitasjon til meir enn 1900 av sine mdelemmer - og sett i ljos av dette så var nok talet på nyfikne møtedeltakarar noke skuffande.
Det vart likevel, utan atterhald, ein spanande og lærerik dag på Quality Hotell denne dagen. Den veltalande mjølkebonden , Magne Vegge frå Kvås , kåserte på ein framifrå og innlevande måte om "gardens  viktigaste ressurs - menneskje."

Me kan alle møte motbakker på den krunglute livevegen - frå vugge til grav.  Sjukdom, samlivsproblem, konfliktar, økonomiske utfordringer, tap av nære vener og skyldfolk, einsemd og isolasjon er  døme på slike utfordringer som dei fleste av oss truleg vil møte på ei eller anna gong i livet.
Alt gjeng så mykje lettare dersom ein er førebudd på at slikt kan skje. Førebudd både fysisk og mentalt.
Magne Vegge stod fram som ein særs dugande, folkeleg og røynd rettleiar i denne samanhengen. Han serverte enkle råd som vonleg kan gjere den travle og stressande kvardagen eit grann lettare for dei aller fleste.
Dette er døme på ein kursdag som så uendeleg mange fleire bør få med seg. Indremedisin, forebyggjande helsearbeid av aller beste slag. Vaksinasjon på blå resept.

Avslutningsvis kom Vegge med fem gode råd for god bondehelse:

- Gjør noe sosialt
- Ta deg en pause
- Ta initiativ
- Gjør noe du like
- Nok søvn - og nok m
at

" Å kjenne igjen, tenke over  - og uttrykke følelsene våre gjør at vi kan oppleve oss som hele og sammenhengende og ta vare på oss selv i forhold til andre.
Når vi går på akkord med våre grunnleggende behov, vil kroppen og toppen reagere!
"

Foto: NLR