( Gjer merksam på at denne artikkelen fyrst vart publisert i avisa Fædrelandsvennen / tekst og foto: øystein moi )

Eigentleg skulle Olav kunne sjå attende på ei lang og trugen teneste som offiser i Hæren. I Forsvaret. Det norske. Lagnaden ville det annleis. Kjærleiken til heimbygda, og drøymen om det gode og frie livet på landsbygda vart avgjerande. Feltuniforma vart send til kjeldesortering. Kaptein Lidtveit dimmiterte i det stille. Utan seremoni.
Han he aldri nokon gong sett seg attende.

Optimisme i landbruket

Det er tidleg morgon. Midtvegs i september. Sauene er på veg heim frå fjellbeite. Elgjakta er den neste store høgtida. Dampbåten Bjoren he sigla sin siste tur på Byglandsfjorden denne sesongen. Dei bratte ospeliene, på vestsida av Byglandsfjorden, tek til å skifte farge. Gul haustdrakt. Einskilde meir raude i toppen. Som folk flest.
På meieriet på Byglandsfjord er det alt ljos i vindauga. Ei ny ladning med Kviteseidsmør og rjomegraut er på veg ut or det vesle produksjonslokalet. Ei etterspurd vare på den nasjonale marknaden. Beste smøret i heile landet.
Eg er på veg  til Oppigard. Øvst i den vesle grenda Åraksbø.  Ein sentral og viktig  del av setesdalskommunen Bygland. Oppigard, 450 meter øve havflata. Utsikt til verda.
Ei grend kor optimismen i landbuket, trua på det gode livet - og kjærleiken til heimbygda er høgst levande. Ungdomen flytter attende frå storbyen. Til Åraksbø. Det er ljos i stoveglaset.
 


Olav Lidtveit. Gardbrukar og fylkesleiar i motstandsrørsla.  (foto: øystein moi )

Olav Lidtveit  tek meg vel i mot ute på gardstunet. Ynskjer meg velkomen til gards.
- Du lyt smørje deg med tolmod, seier Olav. - Me er midt i morgonstellet.
Den velkjende lyden av ein tilårskomen mjølkemaskin inne i skålen ber bod om at mjølkinga er i full gong.
Fjosstellet tek det meste av arbeidsdagen for Olav - og for kona Maryanne.
Tre timar om morgonen - og tre timar om kvelden syter for godt stell av 20 mjølkekyr og ein solid flokk med både kalvar og ungdyr.

Dyret i Openberringa

- Som du ser så driv me helst på gamle måten, seier Olav og sender eit klårt signal om at eg ikkje treng leite meir etter korkje mjølkerobot, automatisk gjødselskrape - eller siste modellen av John Deere traktor.
- Me likar det best slik, seier Olav og blunkar lurt, med det eine augo - i retning Marianne.
I mange år, i forrige årtusen, dreiv han garden alleine her oppe i lia. Det var fyrst på denne sida av årtusenskiftet at Maryanne kom inn i bilete.
- Då vart alt så mykje lettare. Då vart alt så mykje trivelegare, seier Olav med eit lurt smil.
- Det er eigentleg underleg kva den kjærleiken kan gjere med folk. Meg sjølve medrekna.

 


Dei he slite i hop, mange tusen klokketimar. Olav og Fergusonen.
Framleis like spreke. Båe to.  ( foto: øystein moi )

Mjølkebonden, heidersmannen og samfunnsbyggjaren Olav Lidtveit he mange år bak seg som tillitsvald i ulike organisasjonar. Ein safunnsbyggjar og ein meiningsberar av det ekte slaget.
Båe føtene solid planta på jorda. Du køddar så visst ikkje med Olav. Han veit så vel skilnaden på rett og gale. Han meiner, utan atterhald, at den Europeiske Unionen he mykje likskap med sjølvaste Dyret i Openberringa. Mykje omtala. Lite velkomen.
Olav Lidtveit er ein ihuga og omtykt leiar av Aust-Agder ”Nei til EU.”

Korkje Maryanne eller Olav legg skjul på at timeløna dei henter ut or løningsposen kvar månad ikkje på noko vis kan samanliknast med timeløna som godt betalte konsulentar, i meir urbane strok, kan syne til.
- Me klarer oss godt. Ingen av oss set store krav. Dette er like mykje ein livsstil som det er eit yrke. Dersom ikkje styresmaktene så snart som råd legg forholda  til rette for slike som oss, ja då er me likevel ein utdøyande rase.

Me set oss på grasvollen framføre sethuset.
Olav serverer stuttreist Coca Cola  - og eksklusiv fransk konfekt. Han henter fram det beste frå skåpet når det kjem framandfolk til gards.
- Ikkje tak bilete av konfektøskja, seier Olav lurt. - Det rimer ikkje heilt med den timeløna me tala om. Låtten, det gode humøret - livsgleda er aldri langt unna.

- Udemokratisk union
- Hadde me tapt den siste EU-kampen så hadde det ikkje vore att ein einaste gardbrukar i heile Bygland sokn. Dette fælslege vesenet, unionen, er eit alvorleg trugsmål mot heile vårt nasjonale sjølvstyre. Demokratiet vårt, sjølvaste grunnfjellet, er truga.
Veit du at kvar einaste månad kjem det ut hundrevis av nye direktiv, nye retningsliner, frå Brussel. Dette er direktiv som og vert gjeldande for oss her i Noreg. For oss i Åraksbø - og for dykke nede på Evje, på Moisund og i Slettefet. Ivelendingane slepp heller ikkje unna.
Nei min ven - heile EØS avtalen skulle me eigentleg berre ha kasta på bålet.
Ubrukeleg. Trugande og udemokratisk.

Maryanne kjem ruslande øve tunet. Smilande. Nøgd med livet – nøgd med kjærasten. Arbeidsantrekket er tradisjonelt. Sponsa av Felleskjøpet.
Dei set seg tett attmed kvarandre. Dei set seg på restane av ein gamal traktortilhenger, eller kan hende det ei gong har vore ein Opel Kadett. Vanskeleg å sjå.
Dei ser ut øve dalen – ut øve verda.
Dei er samde om at lite kan måle seg med det gode livet på Oppigard.
Fransk konfekt, ekte kjærleik – og utsikt mot verda.


Ekte kjærleik.    (foto: øystein moi )