Tysdag den 27. oktober er det planlagt eit stort og viktig landbrukspolitisk møte i Kvinesdal.
Fylkesleiar i Agder Bondelag, Knut Erik Ulltveit - og lokallagsleiar i Kvinesdal Bondelag, Ivar Kvinlaug he så langt sikra seg særs gode namn på gjestelista.Dei he plukka frå øvste hylla.
Landbruks - og matminister Olaug Bollestad, styreleiar i Nortura Trine H. Vaag - og vår eigen Lars Petter Bartnes har alle lova å kome med flammande innlegg frå talarstolen.
Dagen etter, den 28. oktober, vert det skipa til eit tilsvarande møte på landbruksskulen på Holt. Gjestelista her er i skrivande stund ikkje komplett, men me veit allereie no at styreleiaren i Nortura har takka ja til invitasjonen.

Me kjem attende med meir informasjon om både klokkeslett og programinnhald. Det viktigaste no er at du merker deg den aktuelle datoen - og set eit stort kryss i almanakka.


Trine H. Vaag  kjem garantert med nokre spanande tankar kring agderlandbruket.
( foto: øystein moi )

 


Lokallagsleiaren i Sirdal Bondelag, Tor Arne Liland - og fru Bollestad plar
spele på same lag. No møtast dei truleg til ordskifte i Kvinesdal ...                    
(foto: øystein moi )