Tor Espen Helle, og kjærasten Siv Madsen, presenterte dans - og lokal kultur frå aller øvste hylle. Det dansande paret fekk tonefølgje av Marton Laksesvela på hardingfele. ( foto: Saaghus )

Lista var lang, av kvinnor og menn, som ville heidre såvel Forsøksringen -   som dagleg leiar Jakob Saaghus for lang og trugen teneste rundt på dei aller fleste gardsbruka i heile Setesdalen.
Sjølv om samskipnaden no he endra namn til Norsk Landbrukstjeneste Setesdal, vel dei fleste framleis å nytte seg av det meir uformelle og innarbeidde namnet "Forsøksringen."

Det vart servert Setesdalsuppe av aller beste slag, med tilhøyrande stuttreiste løpser - og ferske rundstykke. Folk kosa seg kring småborda på Ose, medan den eine etter den andre treiv mikrofonen og heidra både dei tilsette - og dei tillitsvalde i Forsøksringen.
Ein 15 min. lang videopresentasjon, på storskjerm, oppsummerte arbeidet i Forsøksringen gjennom dei siste 30 - 40 åra. Her var det mange som såg seg sjølve på lerretet i ei mykje yngre utgåve - og ein kunne raskt stadfeste at det ikkje berre er traktorane og maskinparken elles som he endra seg dramatisk på desse åra ...

Kvelden vart avslutta med kaffe og "rykande fersk"v marsipankake og kruttsterk traktekaffe.
Stort sett heile familien Saaghus var i full sving frå tidleg morgon - til lang etter midnatt.
Dei hadde sauma i hop eit framifrå program - og gjestane såg ut til å stortrivast på grendehuset.
Siste post på programmet var klangfull song framført av Tone Rysstad. Slik kom ein og i retteleg jolestemning før ein sette kursen mot heimen - og siste innspurten av joleførebuinga.

Gratulerer med jubileet - og takk til alle med etternamnet Saaghus - som gjorde dette til ein minnerik kveld.

Foto: Saaghus