Kva seier artikkel 19?

Artikkelen slår fast at Noreg og EU skal møtast annankvar år for å gjennomgå vilkåra for handelen med landbruksvarer. Viktige element i avtala:

  • Avtalepartane skal halde fram sine tiltak med sikte på ei gradvis liberalisering av handelen med landbruksvarer
  • I lys av resultatet av gjennomgåinga og innanfor dei respektive partane sin landbrukspolitikk skal partane avgjere vidare reduksjonar av einkvar form for handelshinder innan landbrukssektoren på gjensidig fordelaktig basis

Kvifor må Noreg avvise nye krav frå EU?

  • Auka import frå EU vil fortrenge norsk produksjon
  • Ei ny avtale vil gi auke i importen av landbruksvarer frå EU av sentrale norske jordbruksprodukt som ost og kjøt. Den norske marknaden for landbruksvarer er liten og sårbar. Sjølv ein liten importauke kan difor få store utslag
  • Døme på korleis ei importkvote kan påverke norsk landbruk:
    • 1000 tonn ost
      • Vel 100 årsverk tapt og nesten 70 bruk ut av drift, 130 mill kr i tapt verdiskaping, 1300 færre mjølkekyr og rundt 20 000 dekar ut av drift
    • 1000 tonn storfé/ammeku
      • Nesten 150 færre årsverk, 50 millionar kr i tapt verdiskaping, 3600 færre dyr og nesten 40 000 dekar areal ut av drift
    • 1000 tonn eple
      • Rundt 50 færre årsverk og 15 mill kr i tapt verdiskaping
  • Auka import frå EU er vanskeleg å kombinere med politiske mål om auka norsk matproduksjon og landbruk over heile landet. Sjølvforsyningsgrada vil bli svekka
  • Handelen med EU på landbruksvarer er svært ubalansert (1-6). Auka liberalisering av handelen med EU kan vanskeleg vere gjensidig fordelaktig. Medan Noreg i liten grad klarer å nytte auka marknadstilgang inn til EU, er EU svært konkurransedyktige på eksport til Noreg.
  • Auka import frå EU kan fortrenge import frå utviklingsland

Importsituasjonen i dag

  • Noreg importerer allereie rundt 55% av maten vi et (på kaloribasis). Rundt 65% kjem frå EU
  • Importen av landbruksvarer frå EU er rundt tre gonger så stor som i 2000. Norsk eksport til EU er minimal og aukar lite. Eksempelvis er osteimporten er tre gonger så stor som i 2000, medan osteeksporten har gått ned
  • Sist avtale om artikkel 19 (2012) innebar at den tollfrie importkvoten på ost frå EU til Noreg auka frå 4500 tonn til 7200 tonn. Det vart etablert tollfrie importkvotar frå EU på storfe (900 tonn), kylling (800 tonn) og gris (600 tonn). I tillegg fekk EU til saman tollfri kvote på 20 000 tonn mais. EU fekk også tollette/importkvotar på m.a. frukt, grønt, skinker og pølser, og tollsatsar på under 1kr/ 30% vart fjerna. EU har etter dette tollfri tilgang på den norske marknaden for 49% av alle varelinjene i tolltariffen