- Fyrst skal drivhusa reingjerast og desinfiserast. Deretter skal me så både tomatar, parika , jordbær og chilli. I høve til kalenderen så er me på etterskot. Likevel ikkje meir alvorleg enn at me kjem noke seinare i gong med sal av produkta våre. Det skal me så avgjort klare å leve med.

Me er på mange måtar heldige her på gartneriet som kan varme opp drivhusa, eit areal på omlag 5000 kvm, med hjelp av flisfyringsanlegget vårt.
Så snart frøa tek til å spire og gro så må me likevel sette på mykje lys i drivhusa. Eit viktig tilskot i den avgjerande vekstsesongen. Dette ser me sjølvsagt djupe spor etter på strøymrekninga. Slik er no likevel stoda. Lite me kan gjere med dette no i dag.

Katrine vil ikkje klage. Ho ser ljos i tunellen. Ho ser at dagane på Hesnes vert stadig lengre - og ikkje så langt unna så ser ho teikn til våren. Ho ser fram til solfylte dagar - ho ser fram til naturens mange under - når det spirer og gror. Når sevja stig - og når kundane på ny strøymer til gardstunet på Hesnes Gartneri.

I sumarsesongen er det meir enn 20 tilsette på gartneriet, og utfordringa i år, slik det var i fjor, vert nok å få tak i nok kvalifisert arbeidskraft. Den hersens pandemien legg kjelker i vegen for så mangt.

- Nei det nytter ikkje på klage, seier Katrine, som likevel ikkje legg skjul på at det har vore ein tøff haust. Ein tøff vinter. Mørke kvelder - og stundom tunge tankar.

Ho tenkjer samstundes på sine kolleger andre stader i landet som t.d. driv med eksklusiv tomatproduksjon.

- Dei strøymrekningane vågar eg knapt å tenkkje på, seier Katrine.
Ho legg armane kring den velvaksne lekamnen til kjærasten Frode.
Eit sterkt lag. Fagfolk. Gilde folk. Dei stend oppreist i stormen.
Dei ser frametter.

(tekst/foto: øystein moi )