Bønder treng å samlast. Det seier Thorvald Handeland, bondeoptimist og pådrivar. For tredje året på rad har han vore med å arrangert samling for bøndene i og rundt Eiken. -Det starta for to år sidan. Eg syns det var så utruleg mykje negativt rundt landbruket. Renta auka, prisane gjekk til himmels og eg tenkte at no vart det alt for mykje negativt. Thorvald tok telefonen fatt og ringte til kommunen og lurte på om ein ikkje kunne arrangere noko som ville inspirere bøndene. "Jo", sa kommunen, "kva med ei samling om gjødselpriser"? Ikkje heilt det Thorvald hadde i tankane. Han fekk ein positiv Hægebostad kommune med på å støtte arrangementet og tok ansvaret for programmet sjølv.

- Eg ville ha ein kveld der bøndene samlast, lo og fekk litt å tenkje på. Var det somme som såg for mykje i bakken ville me løfte blikket deira og sjå litt lysare på det dei dreiv med. Om me kunne få dei til å ha det litt betre hadde me lukkast.

Etter to samlingar vart fleire og fleire inspirerte til å vere med å arrangere. Kommunen ville gjerne ha ei meir aktiv rolle og såg gjerne at dei tok med psykisk helse i programmet. Det er no tre kommunar med, Hægebostad, Lyngdal og Åseral. No er dei ei gruppe på seks som omtalar seg som "Bondeoptimistane" som arrangerer og dei opplever at arrangementet er ønska.

- Me har opplevd mykje velvilje frå selskap, kommune og lokalbefolkning. Det har vore bevisst frå vår side at dette skal ikkje vere ein kveld for berre samvirkebønder eller medlemmer i bondelaget. Her kan alle vere med, både som sponsor eller deltakar. Kommunen sender ut invitasjon til alle som mottek produksjonstilskot. På den måten får alle muligheten til å vere med og få ein festkveld saman med gode kollegaer. Går ein ut frå møtet og har truffe ein ny ven, ja då har me lukkast.

- Når alle har det travelt, då er det vanskeleg å få til gode møtepunkter. Eg trur me alle kan ta oss nokre små avbrekk, sjølv i dei travlaste tider, for å hente oss inn og få nokre lysglimt inn i liva våre. Som bønder er me alt for mykje aleine, det er ikkje bra for oss. Om me i tillegg vert aleine med tankar og bekymringar, då er det ikkje så lett å vere bonde. Samlingar som våre, der me ler, drøsar og er saman trur eg skapar store ringvirkningar. Tilbakemeldingane eg får tyder på det. Folk er takksame og fortel at dei trengte den kvelden. Det er kjekt for oss å høyre. At me som arrangørar får kjenne på at me utgjer ein forskjell. Det inspirerer til å halde på videre.

Går du med ein draum om å arrangere tilsvarande kveldar, då skal du få nokre tips frå Bondeoptimistane:

- Ring kommune, produsentlag og Bondelag om bidrag, men ikkje ver for avhengig av dei. Tilbodet kan variere frå kommune til kommune, så ikkje la deg stoppe av manglande hjelp.

- Få kommunen til å sende ut invitasjon til dei som mottek produksjonstilskot.

- Tenk på alle bønder, ikkje del inn i samvirke/privat eller liknande. Få ein felles forståelse av at her kan alle vere med og føle eigarskap.

- Lag eit program som gjer at folk tenkjer at dette vert ein hyggeleg kveld. Ikkje for mykje fag.

- Hugs at positivitet smittar.