Ferdig med lokalpolitikken

- Det har vore trivelege 12 år i heradstyret, og vervet som varaordførar he gjort at eg i mange høve he kome tett inn på viktige saker – og tett inn på viktige avgjersler til beste for kommunen, og til beste for innbyggjarane i Gjerstad.
No er det likevel slutt. Ei epoke er over. Eg har gjeve partiet og nominasjonskomiteen melding om at eg ikkje stiller til attval ved neste korsveg.
Dei fyrste snøfillene tek til å leggje seg på den bratte gardsvegen. Knut Erik Ulltveit he funne fram snøfræsen og kan truleg førebu seg på mange timar i traktoren i løpet av den komande vintersesongen.
I det nybygde fjoset trivast 70-80 ammekyr i omgjevnader som ein nærast må kunne kalle for hotellstandard.
Garden Ulltveit ligg høgt og fritt , med utsyn øve bygda. Stasjonsbyen Gjerstad, med tilhøyrande kommunehus, aldersheim, kyrkjebygg, bensinstasjon og kolonialbutikk.
Dei mange timane i einsemd, i traktoren – eller i fjoset, gjev rom for mange tankar og mange vurderinger.
- Eg trivast så himla godt i Bondelaget. Landbrukspolitikken vert meir og meir interessant dess meir eg lærer om dei ulike fagområda. Har nyleg vore i Brussel, som deltakar på eit kurs om internasjonal politikk. Komplisert, men uhyre lærerikt.
Landbrukspolitikken er samstundes ein svært viktig del av ditriktspolitikken. Både lokalt – og nasjonalt.
Det er innanfor denne fagkrinsen eg ynskjer å bruke meir av fritida mi. Eg ynskjer å bruke kreftene mine, røynsla mi, til beste for landbruket. Til beste for kanskje den aller viktigaste næringa i heile verda.
Landbrukspolitikken og næringspoltikken er på mange måtar i nær slekt. To ulike omgrep. Same sak.
Like viktige, og heilt avgjerande for at me framleis skal ha eit landbruk øve heile landet. At me skal ha aktive lokalsamfunn - og at komande generasjonar kan vere stolte av trygg, rein og kortreist norsk mat. Truleg det beste matfatet på heile kloden.
Me he så avgjort ein viktig arv å forvalte. Ein arv me med vyrdnad skal kunne øverekke til neste generasjon. Til nye brukarar.
Her spelar kvart einaste medlem, kvart einaste lokallag, ei viktig – og heilt avgjerande rolle. Det er her, i Bondelaget, eg ynskjer å bruke tid- og krefter frametter.
Seier varaordføraren og gardbrukaren på Ulltveit Gård i Gjerstad.
Foto: øystein moi