Fyrste stopp på turen vart i Kyrkjebygd, administrasjonssenteret i Åseral kommune.
Her møter me lokallagsleiaren i Bondelaget, Tore Forgard.
Ein travel ungdom som ikkje på noko vis strevar med å fylle timeplanen med
vetuge gjeremål, kvar einaste skapte dag.


Foto: øystein moi

Tore er gardbrukar med gloheite planar om ny driftsbygning heime på gardstunet.
Han er med i det lokale brannvesenet, he fast sete i heradstyret - og så tråler han
Sørlandet rundt som reisereparatør i eiga verksemd .
Ikkje vanskeleg å skjøne at både mobiltelefonen og kalkulatoren er viktige
arbeidsreiskap for den unge gardbrukaren.


Foto: øystein moi

Halvard Forgard er mangeårig leiar av Åseral Bondelag.
No he han ei velfortent pause,men er framleis særs aktiv i bonderørsla.
Ein god ambassadør for både folk og fe i heimbygda.
Sist veke gjekk han ned på kne, og sa "ja" - til Siv Tone. Sjølvsagt ein viktig merkedag
på livsvegen. Gåva frå grannelaget ser du på bilete her.

Stuttreist frukost for Halvard og kjerringa. Den nye driftsbygningen inneheld det meste.
(foto: øystein moi )

 


Foto: øystein moi

Halvard Forgard slær omlag 150 da med gras heime kring garden. Uthuset er nyleg
modernisert og utvida - og ein flunkande ny tårnsilo er på plass. Ikkje så mange
stader ein ser ei slik løysing i dag. For Halvard vart dette den mest lagelege løysinga,
og han er meir enn nøgd med resultatet.
På "heia" he Hallvard hand om 16 500 da med utmarksbeite, jakttereng og fjellbjørk.
Ein viktig ressurs, og ei attåtnæring til den daglege gardsdrifta.
Halvard he full kontroll. Det skal ingen vere det minste i tvil om.
 


Foto: øystein moi

På Ljosland, eit par mil nord for kommunesenteret, møter me denne smilande og frittalande
guten. Jon Ove Pytten Flodquist. Gardbrukar og entrepenør.
Uthuset gjev tak over hovudet til 330 vinterfora sauer. Kvar og ein av desse gler seg heile
vinterhalvåret til dagen dei skal ut på fjellbeite. Heiområda mellom Setesdal og Åseral
inneheld truleg det beste matfatet Vår Herre kan presentere i dette landet.
Tre Telemarkskyr, som og he fast adresse i fjoset hjå Flodquist - 514 m.o.h. -
vert omtala som kulturminne. Ikkje som ein del av produksjonsfrunnlaget for garden..

Jan Ove Pytten Flodquist he klåre meininger om det meste. Politikk. Landbrukspolitikk -
Bondelaget og Senterpartiet.
Fylkeleiar Ulltveit fær klåre og velmeinande  tilbakemeldinger med seg på heimvegen.
Viktige meininger og klåre synspunkt som vonleg kan vere med på å forme det vidare
viktige arbeidet for bonderørsla. For bøndene på Agder. Agder Bondelag.


Foto: øystein moi

Knut Erik Ulltveit tek til seg ein velfortent styrkedrope før han set seg i bilen og tek fatt på
den lange reisa heim til Gjerstad.
Ein minnerik dag. Ein lærerik dag.
Takk til Åseral - ei fargerik og vakker bygd. Takk til fargerike og venesæle åsdølar.