Bondelaget er så visst ikkje berre oppteken av mjølkekvotar, importvern og nasjonal målpris på stutekjøt. For ei tid attende drog ei kolonne med sentrale tillitsvalde i Aust Agder Bondelag og Vest Agder Bondelag på tur oppetter Setesdalen. Ein to-dagars tur kor dei verkeleg fekk sjå fleire sider av eit allsidig lokalt næringsliv. Eit næringsliv som på mange måtar er heilt avgjerande for busetjing i distrikta – og sjølvsagt heilt avgjerande om ein skal nå målet om «levande bygder» og det gode livet på landsbygda. Næringslivet i dalføret vårt er eit godt døme på kor viktige desse verksemdene, store og små, er for livskvaliteten og infrastrukturen for inbyggjarane. Styraren på meieriet på Byglandsfjord, Tor Kåre Helland ( bilete ), er eit levande døme på ein bedriftsleiar som er ein katalysator for heile verksemda – og for resten av det lokale næringslivet. Ein humørfyllt, engasjert, optimistisk og dugande fagmann. Ein bedriftsleiar som ikkje ser problem – berre utfordringer. Han leier ei lokal verksemd kor orda sjukemelding og fråver er for framandord å rekne. Det seier vel det meste. ( foto: øystein moi )
Optimisme og framtidstru. Øvst i Setesdal ..... ( foto: øystein moi )