Terje Birkeland er lokallagsleiar i Bondelaget og storbonde av aller beste slag. No inviterer han til eit spanande samarbeid med Evje Folkehøgskole.

- Dersom dette syner seg å bli ein suksess så ser eg ikkje bort frå at dette kan bli eit årvisst arerangement heime i fjoset, smiler Terje medan pedagogane frå folkehøgskulen nikker samtykkjande.

Lillian Lislevand er lærar på linja som heiter " Solidaritet og bærekraft" - medan Hilde Sangesland Strædet og Harald Solås høyrer heime på linjevalget som ber det høgst aktuelle namnet "Dyreomsorg."

Ein ettermiddag like etter påskehøgtida er det meininga å samle dei omlag 30 elevane heime i tunet hjå Terje. Både bålpanne og grill høyrer med til standardutrustninga ved slike høve. I tillegg er det venta storfint besøk frå både Tine og Nortura.

Er me heldige så vert det servert mengder med styrkedrikk frå meierisamvirket - medan Nortura plar vere både venlege og rause når dei fyller på grillen med grillpylser og stuttreiste karbonadekaker.

Med omsyn til gjeldande smittevernreglar - og med omsyn til lokale vergudar så er det rikeleg med plass i fjoset dersom det skulle syne seg naudsynt å flytte innandørs. Golvflata er på rundt rekna 1800 kvm, halvtannan mål, så det bør så absolutt vere mogleg å halde god avstand. Me satsar likevel på eit flott arrangement - ute under open himmel, medan vårsola kastar sine varmande stråler øve den flotte ungdomsflokken.

På gardsbesøk hjå den alltid så positive Terje Birkeland.